Hopp til innhold

Gjest frå djupet

Kva er dette for slags skapning? Det lurer ein lyttar frå Volda på, og ber om svar frå Naturtelefonen.

Manet, Perifylla

Denne maneten, Peryfylla, lever til vanleg på store djup.

Foto: Ole Henry Gjærset / NRK

Det var i oktober 2007 Ole Henry Gjærset frå Volda såg denne skapningen i Vartdalsfjorden. Han tok den opp på padleåra slik at han fekk tatt bilete, og så sleppte han den ut igjen, utan å ta på den.

Og det var bra, for ifølgje akvarist Jan Einarsen er dette ein Perifylla, ein manet som til vanleg lever på djupt vatn i fjordane våre, som er giftig. Seinhaustes kan ein oppleve å sjå slike i store mengder i ein kort periode, når dei samlar seg for å gyte. Dei inneheld neslegift og brenner omlag som den vanlege brennmaneten.

Manet, Perifylla
Foto: Ole Henry Gjærset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL