Det er Moldejazz og Kunstsenteret Møre og Romsdal som i dag presenterer festivalkunstnaren 2011.
Gjertrud Hals er fødd i 1948 og kjem frå den vesle øya Finnøy på Romsdalskysten. Ho seier sjølv at dette i stor grad har prega arbeidet hennar.
Ho er utdanna ved statens lærahøgskule i forming i Notodden og i Oslo. Ho har også vore hospitant ved Kunstakademiet i Trondheim.
Gjertrud Hals er utdanna som bildevevar, men dei siste tjue åra har ho stort sett laga frittsåande skulpturar i forskjellige fiber og i andre materiale.
Utstillingane har vore mange, ikkje minst i utlandet. Ho har deltatt i fleire utstillingar i USA, Japan, Tyskland, Frankrike og fleire andre europeiske land.
Utstillinga ved Kunstnersenteret Møre og Romsdal skal innehalde ulike installasjonar og skulpturar i alle rom. Tema for utstillinga er overgangen mellom natur og kultur og skal handle om organiske former og abstrakte former.