Normal

Aktor: – Gjerningsmannen må dømast til fengsel i 14 år

Lagretten har funne gjerningsmannen skuldig i forsettleg drap på Kirsti Slinning. Drapet skjedde på ein fagforeningskonferanse i Molde i oktober i fjor.

Lagmannsretten

Behandlinga i Frostating lagmannsrett blir leia av lagdommar Ivar Sølberg, rettens administrator Mats Stensrud og ekstraordinær lagdommar Ingolv Joa.

Foto: Terje Reite / NRK

I lagrette la fredag formiddag aktor ned påstand om fengsel i 14 år. Forsvararen meinte at 11 år måtte vere nok.

– Ingen formildande omstende

Aktor viser til at straffenivået for forsettlege drap er skjerpa siste åra. Utgangspunktet er fengsel i 12 år, om det verken er formildande eller skjerpande omstende, sa aktor.

Magne Nyborg

Aktor Magne Nyborg.

Foto: Terje Reite / NRK

Paal Berg Helland

Forsvarar Paal Berg Helland.

Foto: Terje Reite / NRK
– Det er ingen formildande omstende her. Tvert om her er fleire skjerpande. Den massive valden må telje i skjerpande retning. Kirsti Slinning må også ha følt ein stor redsel, ein dødsangst. Ho makta ikkje å kome ut av dødsgrepet han heldt henne i. Ho ropte om hjelp tre, fire gonger, sa aktor.

– 11 år er nok

I tingretten blei gjerningsmannen dømd til fengsel i 12 år. Forsvarar Paal Berg Helland meinte det ikkje var rom for noko skjerping av domen. Han ville heller gå ned med eitt år, til 11.

Det skal noko ekstraordinært til for å gå ut over normalstraffa på 12 år. Det må også tilleggast vekt at klienten min ikkje har nekta for dei faktiske forholda, sa forsvararen.

Skuldig

Det var ein lagrett på 10 medlemer valde medlemer som fann mannen skuldig. Dei svarte ja på spørsmålet om straffskuld med meir enn 6 røyster.

Lagmannen støtta aktors konklusjon

I si belæring til lagretten sa lagmann Mats Stensrud at gjerningsmannen har handla med forsett. Han støtta dermed aktor sin påstand om at gjerningsmannen drepte Kirsti Slinning med viten og vilje.

– Gjerningsmannen treng ikkje å ha planlagt drap for å bli dømt for forsettleg drap. Men såg han det som mest sannsynleg at Kirsti Slinning kom til å døy då han han heldt grepet om halsen hennar, spurte Stensrud i belæringa si.

– Måtte forstå at ho kom til å døy

Han forklarte at gjerningsmannen måtte forstå at det var meir enn 50% sannsynleg at Slinning kom til å døy.

– Han handla med forsett, sa lagmann Mats Stensrud.

Stensrud minte også om at det ikkje er noko usemje om dei faktiske handlingane. Han viste til at hotellbetjetninga kom til rommet og såg gjerningsmannen sitje på Kirsti Slinning med hendene i eit grep om halsen på henne.

– Vi har nærmast fotografisk bevismessig dekning for sjølve hendinga. Også funna på staden og utgreiinga frå patologen viser at Slinning blei utsett for massiv, stump vald, og at ho døydde av kvelning, sa Stensrud.

Lagretten

Dette er medlemene i lagretten. Dei avgjorde skuldspørsmålet.

Foto: Terje Reite / NRK

Stump vald

Lagmannen si belæring støtta dermed opp under aktor si prosedyre. Aktor meiner at mannen må dømast for forsettleg drap.

– Alle vilkåra for å dømme gjerningsmannen etter tiltalen er oppfylt, sa aktor under prosedyrane i saka etter drapet på Kirsti Slinning. Mannen var medviten og påførte Slinning massiv stump vald, sa aktor.

– Vald mot hjelpelaus person

Kirsti Slinning døde av kveling. Ho hadde også store skadar som tyder på massiv stump vald.

– Dette var ikkje nokon slåstkamp mellom to likeverdige partar. Dette var vald mot ein hjelpelaus person, sa aktor Magne Nyborg under prosedyren.

– Gjort med viten og vilje

Aktor sa at tiltalte både var tilrekneleg og medviten under drapshandlinga. Gjerningsmannen reagerte på tilrop frå hotellbetjeninga. Han hadde altså evna til å ta imot og bearbeide sanseinntrykk intakt.

Aktor hevda at tiltalte gjennomførte drapshandlinga med viten og vilje, og viste til rettspraksis som belyste den nedre grensa for forsett.

– Det er ingen tvil om at det er tiltalte som har gjennomført handlinga, han blei teken på fersk gjerning, sa aktor. Han avviste at drapet kunne vere gjort i noka form for naudverje.

– Usamde om forsett

Forsvarar Paal Berg Helland opna sin prosedyre med å seie at han og aktor i stor grad er samde i kva som faktisk skjedde den kvelden. Men han er usamd i at tiltalte drap Slinning med kunnskap og vilje.

Han meinte også det var feil å bruke biletet av ein sjalu og kontrollerande mann som bakteppe for å døme mannen.

– Det er ikkje slik at ein sjalu og valdeleg person er lik ein som begår drap. Bakteppet er irrelevant, sa forsvarar Paal Berg Helland.

– Ikkje med viten og vilje

Forsvararen la vekt på at handlingane gjekk føre seg innanfor eit kort tidsrom. Det heile skjedde i løpet av 10 minutt.

– Han var i sterk affekt og mista medvitet etter kort tid. Sterk affekt gjorde at han ikkje hadde evne til å vurdere kva han burde ha gjort, og kva som blei følgjene av handlingane. Dødsfølgjen framsto ikkje for han som eit mogleg resultat, sa forsvararen.

Dom neste veke

Lagmannsretten skal ha dommen klar i neste veke. Partane har ikkje høve til å anke skuldspørsmålet, men kan anke på straffeutmåling og på eventuelle feil i behandlinga i retten.