Hopp til innhold

Gjermundnes etterlyser vaksne søkarar

Berre eit fåtal har så langt søkt om opptak i det nye tilbodet om landbruksutdanning for vaksne på Gjermundnes vidaregåande skule.

Gjermundnes tilbyr landbruksutdanning for vaksne

Vaksne kan ha todagars samlingar ved Gjermundnes, kombinert med nett og sjølvstudium.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Skulen tilbyr frå hausten ei toårig utdanning for 14 personar basert på todagars samlingar, kombinert med nett og sjølvstudium.

– Når vi snakkar om dette vaksenopplæringskurset, så er det ikkje i første rekke tenkt på godt vaksne. Meir på dei som er i alderen frå 20 år og oppover, seier rektor Aadne Haarr.

Han trur manglande kjennskap til utdanninga er årsaka til at ikkje fleire har meldt si interesse, trass i at andre stader i landet har hatt god søking på tilsvarande utdanningstilbod.

– Vi har ei lang periode vore utan dette tilbodet, slik at landbruksmiljøet kanskje ikkje er oppmerksame på at frå i haust er det på plass igjen.

Mange i målgruppa kan kanskje vere i anna jobb, men det treng slett ikkje vere eit problem, ifølgje skuleleiinga.

Helgesamlingar

Rektor Aadne Haarr

Rektor ved Gjermundnes vidaregåande skule, Aadne Haarr.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Hovudtanken er at ein skal kunne ha arbeid i tillegg til å ta denne utdanninga. Dette er helgesamlingar på nokre fredagar og laurdagar. I tillegg kjem fjernundervisning.

Det er behov for mange fleire bønder i Møre og Romsdal i åra som kjem, for snittalderen er høg.

– Vi må satse både på yngre og vaksne som har vore i arbeid ei stund, seier Arnar Lyche i Bondelaget. Men det er ikkje noko ulempe for eit mangfaldig landbruk at det kjem inn folk som har brei erfaring.

Ikkje berre teori

Rektor Haarr lovar at det ikkje blir berre skulebenk for dei vaksne som vel å ta denne utdanninga.

– Vi har ein flott opplæringsarena som gjer at dei også får prøve seg i praksis. Vi har store åkrar med allsidig produksjon på, og vi har både gris, mjølkeproduksjon og sau, fortel Haarr.

Og nettopp sau er stikkordet for agronomelev Åse Huse Vestad, som ønskjer å bli sauebonde. Ho er blant dei unge som tar vidaregåande utdanning ved Gjermundnes.

– No blir sauen klipt, og så driv vi og sorterer ulla og får den dit den skal.

Ho har vakse opp med dyr, og har blitt inspirert av ein bestefar til å bli bonde. No kan ho verkeleggjere den draumen han hadde om å bli bonde.

– Så no prøver eg å lære å klippe sau, smiler Huse Vestad. Men dette er ei utdanning også for dei som er eldre enn meg. Det er manko på norske bønder, så dei kan godt tenke på å kome hit.

Agronomelev Åse Huse Vestad

Agronomelev Åse Huse Vestad vil bli sauebonde, og lærer saueklipping av ein erfaren saueklippar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK