Hopp til innhold

Gjerde (V) attvalt som fylkesordførarkandidat

Gunn Berit Gjerde er attvalt som Venstres fylkesordførarkandidat. Det nye tilskotet på lista var Steffen Falkevik på fjerdeplass.

fra venstre: Iver Nordseth, Frøydis Austigard, Gunn Berit Gjerde, Ragnhild Helseth og Steffen Falkev

NYE FYLKESTINGSREPRESENTANT: Frå venstre: Iver Nordseth, Frøydis Austigard, Gunn Berit Gjerde, Ragnhild Helseth og Steffen Falkevik

Foto: Venstre

Møre og Romsdal Venstre heldt i helga nominasjonsmøte i Molde. Søndag vart det klart at Gunn Berit Gjerde blir attvalt som fylkesordførarkandidat til Møre og Romsdal Venstre sin fylkestingsliste 2015. Gjerde har til no vore fylkesvaraordførar i Fylkestinget.

Fylkestinget er det øvste, folkevalde organet i fylkeskommunen og har 47 medlemer som normalt møtes fire gongar i året.

Det er fylkestinget som set rammene for den fylkeskommunale verksemda. Dette skjer gjennom vedtak om fylkesplan, økonomiplan, årsbudsjett og andre prinsipielle saker for fylkeskommunen.

Ny fjerdeplass

På dei to neste plassane var det også attval, med Iver Nordseth på andreplass og Frøydis Austigard på tredje.

Det nye tilskotet på lista var Steffen Falkevik, som blei valt inn på fjerdeplass. Med sin unge alder har han allereie lang erfaring som politikar og tillitsvalt i Venstre. Falkevik har tidlegare vore ein del av Unge Venstre i ei årerekke. Han var nøgd med å kome på lista.

– Det er veldig spennande, og utruleg kjekt å få den tilliten også, så eg tek utfordringa på strak arm, seier Falkevik.

No ser han fram til ein spennande valkamp.

– Det er mykje som skjer, både på fylkesplan og nasjonalt, og med den posisjonen Venstre har trur eg vi har ei verkeleg moglegheit til å påverke, seier han.

Fylkesleiar i Venstre Ragnhild Helseth seier dei er nøgde med kandidatane, og meiner dei er sterke kandidatar med god fordeling både på kjønn og geografi. Ho meiner Falkevik er ein viktig fornying til gruppa.

På dei neste plassane på lista var Ragnhild Helseth, Helge Hamre, Ingebjørg Eide, Martin Kjøpstad, Heidi Hogset og Jon Åge Giske.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL