Bustaden, som er på Valderøya utanfor Ålesund, vart måndag saumfare av etterforskarar i håp om å finne fleire svar i saka om det groteske drapet i Hareid fredag.
Leitar etter drapsvåpenet
Kripos jobbar for å sikre bevis der mannen som er drapssikta har budd.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK– Føremålet med granskinga av bustaden til den sikta er å leite etter bevis som kan bidra til å styrke eller svekkje saka mot han, forklarar leiar i NRKs krimredaksjon, Olav Rønneberg.
Politiet opplyste seinast søndag at dei ikkje har kontroll på drapsvåpenet.
- Les også:
– Truleg er dette blant tinga teknikarane leitar etter. I tidlegare drapssaker har det også vist seg at ein heime hjå den sikta har funne blodige klede, mobiltelefonar og andre gjenstandar som har vist seg å vere viktige for å belyse skyldspørsmålet, seier Rønneberg.
I tillegg leiter politiet etter brev, notat eller andre dokument som kan bidra til å belyse motivet for drapet.
Giske kommune har kopla inn sitt kriseteam
Måndag bekreftar ordførar i Giske kommune, Knut Støbakk, at Giske kommune også har kopla inn sitt kriseteam i samband med drapet i Hareid.
– Den tiltalte har nære pårørande her i Giske, seier Støbakk.
Ordføraren opplyser at kriseteamet, som består av sju personar, møtte både sambuaren til den sikta og andre slektningar søndag.
– Vi følgjer opp dei her i kommunen som har behov for det, seier ordføraren.
Foto: NRK/Alf-Jørgen Tyssing.