Hopp til innhold

Studentane får halde fram – Fagskolen gjer om vedtak

Styret for Fagskolen har i dag omgjort vedtaket om å legge ned andreåret i Kjemi Prosessteknikk i Kristiansund.

Fagskolen i Kristiansund

Studentane på Kjemi Prosessteknikk ved Fagskolen i Kristiansund får likevel fullføre studieløpet sitt.

Foto: Roar Halten / NRK

Dermed får studentane fullføre studiet som dei no er halvvegs i.

– Vi har samrøystes bestemt å vidareføre det andre året i prosessteknikk ved Fagskolen i 2016/17. Det betyr at vi no har gjort om på det vedtaket som vi gjorde for ein dryg månad sidan, seier styreleiar Bjarne Elde.

Fekk klager

For 16. juni i vedtok fagskolestyret nemleg å legge ned linja ved Fagskolen i Kristiansundmidt i studieløpet. Dei fem elevane som skulle ha starta på sitt andre og siste år ved skulen fekk dermed ikkje fullføre studiet.

Bjarne S. Elde

Styreleiar Bjarne Elden er fornøgd med at dei no har gjort om på vedtaket om å legge ned studiet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Styreleiaren fortel at det er fleire årsaker til at dei no har ombestemt seg.

– For det første har vi fått ei formell klage. I den klaga er ein inne på at vi ikkje har vore i stand til å vise til eit anna likeverdig tilbod. Det har klager rett i, og vi har difor bestemt oss for å gjere om på vedtaket, seier Elde.

Han fortel vidare at dei no har gått nøye gjennom klaga, og at han er fornøgd med vedtaket dei no har blitt einige om.

– Vi har eit stort ansvar for studentar og dei som startar på eit studium. Hadde vi vore i ein situasjon der vi kunne tilbode eit likeverdig tilbod, og det ikkje ville få store konsekvensar for studentane, så kunne vi forsvart det. Når det no viser seg at det ikkje var tilfelle, så må vi stå ved den kontrakten og forpliktinga vi har, seier styreleiaren.

- Betyr ekstremt mykje

Magnus Sundli

Magnus Sundli er glad for at han no kan fullføre andreåret ved Fagskolen i Kristiansund

Foto: Magnus Sundli

Magnus Sundli var ein av studentane som stod i fare for å ikkje kunne fullføre utdanninga si ved fagskulen. Han er svært nøgd med at styret no har snudd.

– For meg betyr dette ekstremt mykje. Eg var veldig bekymra ei stund for at dette ikkje skulle gå bra, men no blir det full innsats frå hausten av, seier Sundli.

Skulen skal no prøve å promotere studiet slik at ein kan halde fram med studiet også i dei komande åra.