Hopp til innhold

Hastar gjennom millioninvesteringar før kommunesamanslåing

Millionane flyg ut av kommunekassene før samanslåingane 1. januar. – Vi må smi medan jernet er varmt, seier lokalpolitikar.

Ole Petter Aarsund

Ole Petter Aarsund sit i kommunestyret for Frp i Haram og er sportsleg leiar for Brattvåg idrettslag. Han meiner det hastar å gjere vedtak om investeringar, før kommunesamanslåinga.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I 2020 blir 119 kommunar slått saman. Industrikommunen Haram på Sunnmøre og fire andre kommunar blir til storkommunen nye Ålesund, med over 65.000 innbyggjarar.

Politikarane i Haram har ei rekkje byggeprosjekt dei vil vedta, før samanslåinga. På planen står nytt symjeanlegg, idrettshall, barnehage, skule og to klubbhus.

– Politikarar vil alltid gjere gode gjerningar og for mange kan det vere viktig akkurat no, seier ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp).

Han seier det kan sjå ut som om Haram har ei lang liste med investeringar som plutseleg må gjerast før samanslåinga, men fleire av prosjekta har det blitt jobba med i mange år.

Vebjørn Krogsæter

Ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp), trur at mange lokalpolitikarar er opptekne av å løyve pengar til gode prosjekt no.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Får millionstøtte

I Haram blir idrettslaga møtt med velvilje før kommunesamanslåinga. Klubbhuset til Brattvåg idrettslag har blitt altfor trongt etter at klubben rykte opp til 2. divisjon og fekk proffspelarar. Formannskapet har sagt ja til å løyve 4,8 millionar kroner i støtte til nytt klubbhus. Idrettslaget i nabobygda får 3 millionar, dersom kommunestyret er einige.

– Vi må svi medan jarnet er varmt. Vi blir ein utkant i den nye storkommunen og det hastar å sette i gang prosjekta så fort som mogleg, seier Ole Petter Aarsund. Han er både sportsleg leiar i Brattvåg IL og sit i kommunestyret for Frp.

Kristian Strande og Ola Husby i kubbhuset til Brattvåg IL

Fotballspelarane Kristian Strande og Ola Husby har proffkontrakt med Brattvåg IL. Dei gler seg til å få nytt klubbhus med nye garderobar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Tømte kommunekassa

Erfaringar frå Danmark, Sverige og Finland viser at kommunane tok opp store lån til ulike investeringar, like før kommunesamanslåinga. Den nye storkommunen sat att med gjelda. Ved Universitetet i Oslo jobbar forskarar no med analyse av budsjett og regnskapa frå kommunane i Noreg som skal slå seg saman. Målet er å finne ut om kommunane driv såkalla ressursbrenning. Seniorforskar, Bent Aslak Brandtzæg ved Telemarksforsking, trur at enkelte kommunar investerer meir enn dei burde før samanslåinga.

– Nokre fryktar for sentralisering og ynskjer å gjennomføre tiltak i eigen kommune, men det er ikkje sikkert det er så lurt. Ein risikerer å auke driftskostnadane for den nye kommunen, seier Brandtzæg. Det kan dreie seg om alt frå symjehallar til kulturhus og kommunehus.

Bent Brandtzæg

Bent Aslak Brandtzæg ved Telemarksforsking trur at enkelte kommunar brukar meir pengar enn dei burde, før kommunesamanslåinga.

Foto: Telemarksforskning

Går utover andre tilbod

Astrid Eidsvik er rådmann i nye Ålesund kommune. Ho stolar på at politikarane gjer gode vedtak før samanslåinga og trur ikkje dei kjem til å svi av pengane. Treng ein kommune nye skular til dømes, er behovet like stort etter samanslåinga, meiner ho. Det rådmannen åtvarar mot er å vedta nye tilbod, som kostar mykje å drifte.

– Det hjelp ikkje at næringslivet vil sponse investering i eit symjeanlegg. Det kostar å drifte ein symjehall og det vil gå utover andre tiltak, seier Eidsvik.

Astrid Eidsvik

Rådmann i nye Ålesund, Astrid Eidsvik, stolar på at politikarane handlar fornuftig i året før samanslåinga.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Fryktar at vedtak blir omgjort

Ordførar Vebjørn Krogsæter fryktar at nokre av vedtaka dei gjer, kan bli omgjort etter samanslåinga.

– Det er ein reell frykt for det. Vi kjenner økonomien i Haram, men ikkje i den nye kommunen, seier Krogsæter.