Gjer hotellet sjølvbetent for å takle koronakrisa

Det blir ein tøff gjenopningsfase for reiselivsnæringa, trur NHO. Ein hotellsjef på Nordmøre meiner løysinga for mange kan vere å la gjestene klare seg meir på eiga hand.

Tollak Skogland

SJØLVBETENT: Sunndalsøra hotell har oppgradert med digitale løysingar for å kome seg gjennom koronatida. Gjestene kan sjekke inn sjølv, og dei kan drive med halvparten så mange tilsette.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Sunndalsøra hotell blei ein av mange som opplevde konkurs som følgje av koronapandemien. Dei starta fort opp igjen, men på ein litt annan måte.

Tollak Skogland, dagleg leiar på Sunndalsøra hotell

Dagleg leiar Tollak Skokland såg seg nøydd til å gjere endringar for å få ein sunn økonomi. Hotellet vil framleis ha resepsjonistar i dei travlaste tidsromma.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Eit nytt bookingsystem, kodelåsar på dørene og fleire digitale løysingar gjer at dei eigentleg ikkje treng å ha folk i resepsjonen. Derfor har dei kutta talet på resepsjonsvaktene med to tredelar, til sju i veka.

– Gjesten treng ikkje å få sjå oss i resepsjonen eller andre på hotellet. Det er berre frukostvakta som dei vil dra kjensel på, seier eigar og dagleg leiar, Tollak Skogland.

Den dominerande verksemda i Sunndal er Hydro sitt aluminiumsverk, og dei fleste kundane kjem gjennom arbeid der.

Omlegginga reknar dei med å spare 2 millionar årleg på, ved at dei går frå 9,5 årsverk til 4,5. Mens no under koronatida har dei endå eit mindre.

Nettbrett og kamera på Sunndalsøra hotell

Hotellsjefen kan i teorien hjelpe gjestene frå nettbrettet sitt frå heime i Sandefjord, på andre sida av landet. Dei ringer på, han svarar, ser dei på kameraa og hjelper dei med booking og tilkomst.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Høg konkursfrykt

Reiselivsnæringa går inn i eit nytt år med høg konkursfrykt, mange permitterte og fleire oppseiingar på trappene. Det viser ei fersk medlemsundersøking blant NHOs over 500 reiselivsverksemder.

29 prosent av hotell og overnattingsverksemdene trur det er reell risiko for at dei går konkurs som følgje av koronaviruset.

Skogland er overtydd om at andre hotell blir nøydd til å gjere liknande omstillingar.

– Store fullservicehotell vil alltid ha rikeleg med folk, men dei fleste hotell av litt mindre storleik trur eg vil kome til å gå over til dette, eller nærast bli tvungne til det. Både av omsyn til pris, og for å kunne vere med i konkurransen, seier Skogland.

Kodelås

Fire av dei som var fast tilsett på hotellet måtte finne seg andre jobbar. – Det er alltid keisamt, men vi hadde ikkje nokon annan moglegheit. Dette er einaste konseptet som gjer det drivverdig, seier Tollak Skogland.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Trur fleire vil følgje etter

Å legge til rette for sjølvbetent innsjekk er også noko fleire av dei store hotellkjedene har gjort, ifølge Astrid Bergmål. Ho er leiar i Virke reiseliv.

Astrid Bergmål i Virke

Astrid Bergmål er leiar i Virke reiseliv.

Foto: Virke

– Dette trur eg er noko vi ser at også fleire hotell kjem til å gjere, særleg dei som rettar seg mot bedriftsmarknaden, seier Bergmål.

Ein ting er at det er meir effektivt og at ein kanskje ikkje treng så mykje folk, men ho meiner det òg er å møte behova til ein del kundegrupper, og særleg bedriftskundar.

– Det handlar om at ein blir meir å meir vant til å kunne gjere ting sjølv. Ein ønsker at det skal vere enkelt, og at ein til dømes slepp å stå i kø, seier Bergmål.

– Håpar å få sjå folk

Cecilie Søllesvik i Fellesforbundet Nordmøre og Romsdal meiner det er beklageleg og trasig for dei tilsette som ikkje får vere med vidare, men ho trur ikkje det er til å unngå at hotella må omstille seg.

Ceciilie Søllesvik i Fellesforbundet Nordmøre og Romsdal (Fra 2016)

Cecilie Søllesvik (t.v.) er leiar for Fellesforbundet Nordmøre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Hotellbransjen i ei krise og er nøydd til å gjere endringar for å berge verksemder og nokre arbeidsplassar, men eg håpar verkeleg at vi får treffe folk når vi kjem på hotella i framtida, seier Søllesvik.

Forbundssekretær Clas Delp trur slik teknologi hovudsakleg kan gagne tilsette, heller enn å vere ein trugsel.

Clas Haarek Delp Forbundssekretær

Clas Delp er forbundssekretær i Fellesforbundet.

Foto: Linda Reinholdtsen / NRK

– Hotella har ikkje vore flink nok å til å ta i bruk teknologi som lettar kvardagen til dei som er på jobb. Dette er positivt der det er tunge oppgåver som blir borte, seier Delp.

– Er du redd for at mange hotell finn ut at dei klarer seg med færre tilsette?

– Det er ikkje akkurat så mange hotell i Noreg som er overbemanna frå før, det er rimeleg skore til beinet, svarar Delp.