Hopp til innhold

Har du planar om å bruke fritidsbåten i påska?

Nokre enkle grep kan redde deg frå uventa motorstopp og farlege situasjonar til sjøs.

Mange nyttar påska til å ta ut fritidsbåtane sine for sesongen, men langt frå alle har gjort nødvendig vedlikehaldsarbeid. Det skapar farlege situasjonar.

Sjå videoreportasjen om båtvedlikehald her.

– Dei forventar at alt skal fungere når dei går om bord i båten og skrur på hovudbrytaren for straum, seier servicesjef Svein Stene om dei påskeklare kundane sine ved J.W. Gulliksen i Ålesund.

Men sjølv om båten startar opp, er det ikkje gitt at turen vil gå som smurt når ein først har lagt frå land.

Lite kunnskap

Svein Stene

Svein Stene er servicesjef ved båtforhandlaren J.W. Gulliksen i Ålesund.

Foto: Frode Berg / NRK

– Dei som skal på sjøen må vite litt meir om båten og motoren før dei kan ta laust. På havet kan det vere langt til næraste båtbutikk, og det er ikkje sikkert at verkstadane er opne eller har dei rette delane, seier Stene.

Båtmotor-forretninga, som også utfører servicearbeid på fritidsbåtar, får ofte besøk av frustrerte kundar som fortel om uventa motorstopp.

– Når vi spør om vedlikehaldsarbeidet før båtturen, får vi ofte til svar at "Eg brukte berre båten 15–20 timar i fjor, så eg har ikkje skifta filter på to år." Det er ofte årsaka til at båten vert liggjande å drive.

Mange unødvendige oppdrag

Sigmund Kaplanski

Skipper Sigmund Kaplanski på redningsskøyta Erik Bye har vore ute på mange oppdrag der manglande vedlikehald har ført til motorstopp.

Foto: Redningsskøyta Erik Bye

Sigmund Kaplanski er skipper på redningsskøyta Erik Bye i Kristiansund. Han seier påska er høgsesong for motorstopp på fritidsbåtar.

– Vi er borti fleire slike oppdrag. Båtane får sjøgang når det vårast, og gong på gong må vi rykke ut fordi nokon ikkje har hatt gode nok rutinar på vedlikehaldsarbeidet før dei reiser utpå, fortel skipperen.

– Ikkje alle er døypte motor- og båtfolk. Det finst til dømes mange kontoristar, som aldri har skifta ein tennplugg, men som likevel eig ein fritidsbåt, legg han til.

Gjennom heile vinteren

Nokre få, enkle rutinar for alle båtfolk, kan vere tilstrekkeleg for å unngå unødvendige og dels farlege situasjonar.

– Det mange ikkje ser ut til å ha fått med seg, er at det ikkje er nok å ta ein titt på motoren først når våren kjem. Vintervedlikehaldet er vel så viktig, seier Kaplanski.

Småbåthavn i Ålesund

Mange nyttar påska til årets første tur med fritidsbåten.

Foto: Frode Berg / NRK

Motoren bør drenerast gjennom heile vinteren for å halde god hygiene i drivstofftanken. Sjølv om tanken er heilt tørr før vinteren, kan det likevel ha blitt produsert mykje kondens i løpet av vinteren. Vatnet trekkjer til seg dyr som fører til grums. Grumset kan i tur øydelegge heile brennstoffsystemet.

– Om dysa og brennstoffpumpa ikkje er hundre prosent reine, kan konsekvensen verte at heile motoren vert øydelagt. Og det er dyre ting, seier skipperen.

For dei som er usikre på korleis ein drenerer tanken, kan det vere lurt å kontakte ein mekanikar, rår han.

– Det ideelle er i grunnen å ha dieseltanken full over vinteren, for då hindrar ein kondensplager.

Ekstra filter

Grums i motoren fører ofte til tett filter. Og tett filter fører ofte til motorstopp.

– Det er viktig å ha eit ekstra filter med om bord i båten, seier Kaplanski som også har mangeårig erfaring som båtmaskinist.

Om båten plutseleg begynner å slakke ned på farta, er det eit varselteikn.

– Ein bør lære korleis filteret fungerer på førehand, slik ein greier å skifte det sjølv når ein kjem i uføret, seier han.

– Motorstopp er farleg

Sjølv om redningsskøyteskipperen gjerne skulle sett at fleire kan meir om båtmotorane sine, forventar han heller ikkje at alle skal vere like flinke.

– Ikkje alle forstår kva som står under panseret på ein bil heller, sjølv om ein køyrer bilen, seier Kaplanski. Han seier båtane som oftast er trygge, men den dagen båten stoppar, er det fort alvor.

– På vegen kan ein berre kan trille ut i vegskuldra om ein får motorstopp. Slik er det ikkje på sjøen, der hamnar ein faktisk i ein farleg situasjon. Det er viktig å vite, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL