Pengar
Ordførar Aud Mork seier at politikarane er spente på kva eit slik prosjekt eventuelt kostar, og kva det vil bety for området.
Ho kan ikkje love at kommunen kjem til å bruke pengar på å sette flyplassen i stand.
- Her er det interessentar som må kome inn. Vi har ikkje greid ut kor mykje dette vil koste, og eg trur ikkje kommunen er villig til å gå inn med mykje midlar.
Tyskarane
Gossen Flyplass ble bygd av dei tyske okkupantane i 1943. Basen var sentral for tyskarane i Midt-Noreg. Plana var å bygge tre ulike rullebaner til å ta ned store fly. Flyplassen blei bomba av engelskmennene fleire gongar under krigen.
Etter krigen har flyplassen vore brukt til småflytrafikk og luftsport. Ålesundselskapet West Aviation er eit av dei selskapa som vurderer å starte flytrafikk på Gossen.
Omsyn til miljøet
Ordførar Aud Mork(KrF)
Ordførar Aud Mork seier politikarane ikkje er framand for ideen, men omsynet til miljøet vil vere eit viktig moment, særleg fordi Ormen Lange utbygginga allereie tar så mykje av arealet på øya.
- Vi må først finne ut om vi vil dette i det heile tatt, seier Mork.