NRK Meny
Normal

Mange vil vite meir om sabotørane: Gjenopnar Rønneberg-utstilling

Interessa for historiene om tungtvass-sabotørane er no så stor at Ålesunds museum opnar utstillinga om Joachim Rønneberg på nytt.

Joachim Rønneberg

Joachim Rønneberg i samband med opninga av utstillinga i fjor haust.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Ole Ellefsen

Ole Ellefsen gler seg til å ta i mot fleire som ønskjer å sjå utstillinga om sabotasjeaksjonane.

Foto: Joachim Ose / NRK

– Vi merker veldig pågang, og det er aller første gong at vi gjenopnar ei utstilling fordi interessa er så stor, seier avdelingsleiar Ole M. Ellefsen ved Ålesunds museum.

Ole Ellefsen og prinsesse astrid fru ferner ved aalesund museum

Utstillinga blei opna i fjor av prinsesse Astrid fru Ferner.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Utstillinga han snakkar om blei opna av prinsesse Astrid fru Ferner i fjor haust, i samband med at Joachim Rønneberg fylte 95 år. Då blei også statuen av han avduka på rådhusplassen i Ålesund.

Den gongen kunne folk sjå både bilete og dokument knytt til både tungtvass-aksjonen og den seinare Fieldfare-aksjonen i Tafjord-fjella, i tillegg til originale gjenstandar som var i bruk under aksjonane.

– Det vil seie at folk kan sjå både telt og våpen som var i bruk I tillegg har vi mellom anna ein spesiell sovepose med hender, som dei brukte for å kome seg raskt i sving om dei blei overraska, seier Ellefesen.

Stor pågang i samband med tv-serie

Det er NRK-serien «Kampen om tungtvatnet» som har ført til den auka interessa. Ellefsen seier dei no vil samle saman igjen gjenstandane som var utstilte i fjor haust.– Vi vil gjerne at flest mogleg skal få sjå dette, og vi har jo også merka oss at det er interesse for historia internasjonale. Så no blir utstillinga ståande til over turistsesongen til sommaren.

Han seier både skuleklassar og vaksne alt har meld interesse for å kome og sjå. Og han har ikkje vanskar med å forklare kvifor interessa er så stor.

– Det er jo høgdramatiske hendingar som var viktige for heile verda, i tillegg til at det jo er ein svært vellukka aksjon. Og det at dei ikkje losna eitt einaste skot under aksjonen er jo ganske unikt.