NRK Meny
Normal

Gjennombrot for Ulstein verft

Ulstein verft skal levere yacht med X-bow. – Dette er eit gjennombrot for oss, seier salssjef Trond Skodjevåg Bø til NRK.

Pressekonferanse Ulstein Verft

Frå pressekonferansen fredag ettermiddag. Til høgre verftsdirektør Kristian Sætre, Ulstein Verft, Ann Katrin Barstad frå Ulstein Design & Solutions og salssjef Trond Skodjevåg Bø ved verftet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ulstein Verft kalla inn til pressekonferanse fredag ettermiddag. Då hadde dei tilsette alt fått informasjon om den nye kontrakten. Ein smilande konsernsjef, Gunvor Ulstein, med kake på det eine fatet og smørbrød på det andre fatet, kom gåande gjennom resepsjonen med eit stort smil rett før pressekonferansen.

Men ordet overlet ho til verftsdirektør Kristian Sætre, salssjef Trond Skodjevåg Bø og skipsdesigner Ann Katrin Barstad.

Trond Skodjevåg Bø, salssjef Ulstein Verft

Trond Skodjevåg Bø, er salssjef i Ulstein Verft

Foto: Arne Flatin / NRK

Ulstein verft har jobba med å få innpass på yachtmarknaden i rundt eitt år, og er difor svært tilfreds med å ha lukkast. Dette vert ein kontrakt som er historisk på mange måtar for verftet. Det er den første yachten, og den aller første i verda med X-bow.

Verftsdirektør Kristian Sætre ville ikkje ut med nammnet på den private kunden, og heller ikkje snakke om verdi på avtalen.

Uansett sikrar det delvis sysselsettinga i konsernet i 2017 og 18. Skroget kjem til Ulstein frå utlandet først i september neste år, og skal leverast i 2018. Men ein del arbeid må gjerast før skroget kjem til Ulsteinvik, seier salssjefen.

I følgje ei pressemelding er den marine plattforma og skroglinjene utvikla av Ulstein Design & Solutions. Eksteriørdesignen og «general arrangement»(GA) teikningar, skal leverast av den kjende yacht-designeren Espen Øino.

Yachten vert 88,5 meter lang og 16,3 meter brei.

Døme på yacht frå Ulstein

Dette er eit døme på ein yacht frå Ulstein verft, men dette er ikkje nødvendigvis slik denne yachten vert sjåande ut.

Foto: Ulstein verft