Gjennombrot for sjøpølseeksport

På Møreforsking si avdeling på Atlanterhavsparken har no forskarar klart å få den eksklusive sjøpølsa til å formeire seg i fangenskap, det skriv Teknisk ukeblad. I Asia og spesielt Kina er dette ein ettertrakta matvare, og om ein klarer å få denne til å vekse i oppdrett, kan dette bety ein ny eksportnæring for Noreg. – Eg trur dette er ei næring som har framtid, seier Margareth Kjerstad.

Margaret Kjerstad viser norsk sjøpølse
Foto: Jannicke Farstad / NRK