Hopp til innhold

Gjengangar i 80-åra stoppa for ulovleg køyring igjen

Mannen nærmar seg 90 år, men vil ikkje sleppe hendene frå rattet. Laurdag blei han endå ein gong stoppa for ulovleg køyring.

Kontroll i Ålesund

GAMAL KJENNING: Statens vegvesen stansa ein eldre mann for køyring utan førarkort laurdag. Det er ikkje første gongen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei tilsette hos Statens vegvesen møtte ein gamal kjenning då dei laurdag stoppa ein mann i slutten av 80-åra i bilbeltekontroll i Ålesund. Men det var ikkje berre bilbeltet som mangla. Mannen hadde heller ikkje førarkort.

– Det er ikkje ofte vi stoppar sjåførar i slutten av 80-åra, men det blir nok fleire og fleire 90-åringar som er ute på vegen og køyrer bil, seier operasjonsleiar Tor-Andrè Gram Franck.

Den eldre mannen skal ha vore på handletur då han blei stoppa på veg heim. NRK har laurdag vore i kontakt med han. Han stadfestar at han på gjentekne gongar har blitt tatt utan førarkort, men ønskjer ikkje å la seg intervjue.

Tor-Andre Gram Franck

Operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck ved Møre og Romsdal politidistrikt

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ventar fleire eldre sjåførar

Mannen mista løyvet til å køyre bil for nokre år sidan. Operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck er tilbakehalden med å seie noko om årsaka den gongen, men utelukkar at det var av helsemessige årsaker.

Politiet meiner alle lovbrot er alvorlege. Sjølv om gjerningsmannen er ein tidlegare erfaren sjåfør på tur i eit område der han er lommekjend.

– Det er ein grunn til at du skal ha kompetansebevis. Du skal fylle ein del vilkår, seier operasjonsleiar Gram Franck.

Han viser også til at bilistar utan førarkort vil kunne få store problem med forsikringsselskapet sitt dersom dei kjem utfor uhell eller ulykker.

Dei siste åra har det vore debatt om korvidt eldre bilistar skal levere ein årleg helseattest. I fleire år har Statens vegvesen gjort mange hundre køyrevurderingar av sjåførar over 70 år. Meir enn halvparten måtte levere inn førarkortet på grunn av trafikkfarleg køyring.

Kontroll i Ålesund

Statens vegvesen kontrollerte mellom anna om folk køyrde med bilbelte laurdag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Måtte levere frå seg nøklane

Kontrollen av bilisten i 80-åra i Ålesund laurdag førte til at bilen hans blei avskilta på staden, og at mannen måtte levere frå seg nøklane. No sørgar politiet for at skiltet blir skrudd av og at det blir sett sperre på hjula.

Gram Franck seier mannen truleg blir avhøyrt over helga og reknar med at den aldrande sjåføren no avsluttar sjåførkarrieren.

– Eg reknar med at han tek konsekvensen av at han ikkje har gyldig førarkort og ikkje har kompetansen til å køyre bil, seier han.

Det er ikkje klart kva for reaksjon mannen kan vente seg.

Les også Ho som var Noregs eldste er død – sunnmørskvinna Gunhild blei 108 år gamal

Gunhild Lyse