NRK Meny
Normal

Gjenbruk blir stadig meir populært

Nordmenn si interesse for gjenbruk aukar stadig. Gjenbruksbutikkane opplever ein merkbar pågang både i besøkande på utsalsstadane deira og på gjenbrukspunkta.

Brit Nesvik

Britt Roald Nesvik, butikkleiar ved Fretex i Ålesund, seier at dei har opplevd ei merkbar auke i besøkande og folk som leverer inn gjenstandar og kle til gjenbrukspunkta deira

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Fretex i Ålesund

I Fretex sine lokale i Ålesund er det mykje å velje mellom.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

I Fretex sine lokale i Ålesund er butikkleiar Britt Roald Nesvik gang med å rydde i klesstativa.

På veggane heng det klesplagg i alle fargar, inst i butikken finst ei samling av nips og naps og ved inngangen av butikken står det hyller med bøker.

Dei opplevd ei merkbar auke i besøkande og folk som leverer inn gjenstandar og kle til gjenbrukspunkta deira rundt omkring i fylket.

– Ja, gjenbrukspunkta våre er fulle stadig vekk. Mange tek også turen innom butikken, seier Nesvik.

– Folk er meir miljøbevisste

På Facebook kryr det av grupper der brukarane kan gje bort, selje eller kjøpe brukte ting. Under kategorien «torget» på finn.no finst det over titusen gjenstandar som folk gir vekk gratis.

Turid Øyre Øygard i NMS Gjenbruk

Turid Øyre Øygard i NMS Gjenbruk trur folk flest har blitt meir miljøbevisste.

Foto: privat

På gjenbruksbutikkane merkar dei også utviklinga. Turid Øyre Øygard i NMS Gjenbruk fortel at dei har hatt ei jamn auke dei siste åra.

– Det er ikkje så mange år sida det var vanleg å kaste det ein ikkje hadde bruk for, no ser vi at veldig mykje av dette blir levert til gjenbruksbutikkar og det er eit viktig tiltak i kampen for miljøet, seier ho.

NMS Gjenbruk har i dag 47 butikkar spreidd utover landet. Øygard trur folk flest har blitt meir miljøbevisste.

– Det er godt for samvitet å vite at andre kan få nytte av andre sine brukte ting, seier ho.

Kan spare både miljøet og pengar

På Fretex i Ålesund, har dei om lag 100 betalande kundar kvar dag. Nesvik trur det er ulike årsaker til at fleire vel gjenbruk.

Fretex i Ålesund

Fretex har mest kle i sine butikkar.

Foto: Silje Bjerknes / NRK
Fretex i Ålesund

Fat, koppar, glas og skåler, vasar og pynt er noko av det ein finn i Fretex sine lokale.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Miljøet er ein stor del av det, men det er også økonomi inne i bilete. Du kan spare miljøet, pengar og så kan ein finne noko spesielt, seier ho.

Og spesielt ei aldersgruppe har det blitt meir av.

– Vi ser at det blir stadig fleire unge som tek turen innom. Mange av dei er studentar, men det er også ein stor del av dei som er på leiting etter noko spesielt, seier Nesvik medan ho heng på plass fleire kle.

– Det er bra at stadig fleire unge ser ut til å bryr seg om gjenbruk, held ho fram.

Også ho trur at forbrukarane har blitt meir miljøbevisste.

– Det både trur og håpar eg. Det er trist å sjå alt folk kastar på søppeldungen. Då er det mykje betre at dei leverer det inn her eller ved andre gjenbruksbutikkar, slik at nokon andre kan få nytte av det dei ikkje treng, seier Nesvik.