Folk i Gjemnes må i år betale 24 978 kroner i eigedomsskatt og kommunale avgifter. Berre Hjartdal i Telemark er dyrare.
– Det er store skilnader frå kommune til kommune, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseiernes Landsforbund.
Foto: Huseiernes Landsforbund– Det er frykteleg mykje pengar for ein vanleg familie, seier Morten Andreas Meyer, generalsekretær i Huseiernes Landsforbund. Han meiner det store beløpet er eit kraftig innhogg i familieøkonomien.
Gjemnes krev 18 678 kroner av innbyggarane sine i kommunale avgifter for vatn, avløp og feiing. Oppå dette kjem 6300 kr i eigedomsskatt.
Det er Statistisk sentralbyrå som har laga undersøkinga for Huseiernes Landsforbund.
Høg vassavgift
– Det er ikkje kjekt å få ei slik plassering, seier Gjemnes-ordførar Knut Sjømæling (Sp).
– Men vi hamnar der fordi vi har mange private vassverk. Dermed blir dei kommunale vassverka dyre i drift, og abonnentane må betale mykje i avgift.
– Er det no eit mål å få ned avgiftene?
– Vi har som målsetting å betre situasjonen. Vi må sjå om det er råd å hente pengar frå kommunale budsjett for å få ned avgiftene, seier ordføraren.
– Ikkje bra
– Det er ikkje første gongen Gjemnes får slik negativ fokusering. Kva har dette å seie for omdømet til kommunen?
– Det er ikkje bra. Men vi meiner vi har gode kommunale tenester og ei god forklaring på kvifor det er slik.
Aure er den billegaste kommunen i Møre og Romsdal. Dei har ikkje eigedomsskatt og krev 8640 kroner av innbyggarane sine i år.
Avgiftene er 16 000 kr høgare i Gjemnes enn i Aure.
Foto: NRKStore skilnader
Skilnaden mellom den dyraste og den billegaste kommunen i Møre og Romsdal er på meir enn 16 000 kroner.
– Det er urimelege og uforståelege forskjellar frå kommune til kommune, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseiernes Landsforbund.
Ålesund kommune har ikkje svart på kor mykje kommunen har i eigedomsskatt på ein standard bustad i 2017.