NRK Meny
Normal

Gjekk til åtak på politimann

Politiloggen natt til søndag tyder på ei travel natt for politiet i fylket. Feststøy, fyllekøyring og uro har prega natta.

Politi

Politiloggen natt til søndag tyder på ei travel natt for politiet i fylket. Feststøy, fyllekøyring og uro har prega natta.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Blant anna måtte ein mann i starten av tjue åra bli med til arresten etter at han gjekk fysisk til åtak på ein politimann i Sykkylven. Vedkomande blir meldt for åtaket.

Litt seinare på kvelden blei politiet i Ålesund kalla til ein skjenkestad i Ålesund sentrum då ein av dørvaktene som jobba der blei skalla ned av ein gjest. Mannen kom også med drapstrugslar både mot vaktene og politiet.

Politiet ved Sunnmøre politidistrikt måtte hjelpe til ved minst fem meldingar om ordensforstyrringar, bråk, slåsting og uro ved ulike uteplassar natt til søndag. Nokre vart meldt av politiet, medan andre vart seint heim.

Tre tatt for fyllekøyring

Ein mann i starten av tjue åra blei stoppa i Ålesund sentrum i natt og vil bli sikta for køyring i alkoholpåverka tilstand. Litt seinare stoppa politiet på Hareid ein annan mann i midten av tjue åra. Også han blir sikta for køyring i alkoholpåverka tilstand.

Klokka 02.20 fekk politiet på Nordmøre og Romsdal melding om ei utforkøyring på Grøa i Sunndal. Føraren var uskadd, men det var mistanke om promillekøyring. Bilføraren, ein mann i 40-årene, blei difor køyrt til legevakta for blodprøvetaking. Sak blir oppretta.

Måtte dempe feststøy

Politiet på Nordmøre og i Romsdal måtte dempe feststøy ved fleire anledningar natt til søndag. I alle fall tre festar fekk besøk av politiet denne natta. Alle festane blei avslutta av politiet då dei kom til staden.

Overstadig rusa

Politiet måtte også ta seg av fleire personar som kanskje hadde fått litt for mykje å drikke denne kvelden.

Litt etter klokka halv to måtte politiet i Molde ta seg av ei ung kvinne i starten av tjue åra på grunn av alkoholpåverknad. Kvinna blei køyrd til legevakta av politiet.

Laster Twitter-innhold

Like før klokka tre fekk politiet i Molde meldingar om ei overstadig rusa kvinne i førti åra som gjekk utan sko ved Aker Stadion. Kvinna var ifølgje meldingane vere i stand til å ta vare på seg sjølv, og kom seg sjølv heim.

Laster Twitter-innhold