NRK Meny
Normal

Gjekk til angrep på politiet

Fyll og vald er blant det som pregar politiloggen natt til laurdag. Fleire måtte overnatte i arresten i natt.

Politi illustrasjon

Politiet har hatt meir enn nok å gjere, også denne helga.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Ein mann i 20-åra måtte overnatte i arresten etter at han hindra politiets arbeid i Ålesund natt til laurdag. Mannen blei vist vekk, men gjekk i staden til angrep på politiet. Dermed blei han tatt med inn til arresten av politiet.

Slåsting og vald

Også ein annan mann i Ålesund blei sett inn i drukkenskapsarrest i natt. Mannen i 40-åra blir også meldt til politiet for å ha forstyrra ro og orden, samt trua ein vektar på ein utestad.

I Molde måtte ei ung kvinne til legevakt for sjekk etter ordensforstyrring og slåsting i øvre bydel.

Ein mann i 20-åra skal ha blitt slått ned i Volda sentrum like før klokka 03.00. Han blei brakt til legevakt for sjekk, og vil melde hendinga.

Ein vanskeleg gjest gjekk til angrep på ei dørvakt ved ein utestad i Ålesund i natt. Mannen i 30-åra blei meldt til politiet og vist vekk frå sentrum resten av natta.

Køyrde båt på land

Ein båtførar i 40-åra blei tatt med til blodprøve etter at han køyrde båten sin på lang i Hellesylt i natt. Båten skal ikkje ha fått store skader i ulukka. Mannen blir meldt for forholdet.

Vist vekk frå sentrum

I Ålesund blei ein mann vist vekk frå sentrum etter at han forstyrra ro og orden ved ein bensinstasjon. Mannen fekk ein åtvaring og blei vist vekk.

Over heile fylket har politiet måtte ta seg av ordensforstyrringar og småhendingar knytt til bråk og fyll.