Mannen knuste inngangspartiet til eit eldre ektepar før væpna politi nådde fram. 80 år gamle Ottar Brattbakk var heime saman med kona og svigerinna då mannen gjekk laus på døra med rå makt.
Øks
Brattbakk frykta det verste då den psykiatriske pasienten gjekk laus på inngangsdøra og vindauget like ved. Like før hadde kona til Brattbakk snakka med 23-åringen. Han fortalde då sjølv at han var psykiatrisk pasient, og at han hadde rømt. Frå vindauga kunne det eldre ekteparet sjå at mannen var oppom fleire av nabohusa, før han returnerte med det som såg ut som ei øks. Før politiet nådde å kome fram, gjekk mannen til angrep på døra.
Væpna politi
Overlege Tore Festø ved vaksenpsykiatrisk avdeling seier mannen forlet sikringsposten med løyve, men ikkje kom tilbake som avtalt laurdag kveld. Ifølgje operasjonsleiar Peder Hjertvik, fekk politiet melding først ei tid etter at mannen var forsvunnen. Dei oppfatta situasjonen som så alvorleg at dei rykkte ut med alt tilgjengeleg mannskap både frå Molde og Kristiansund etter å ha fått melding om at mannen kunne vere væpna.
– Skremande
Ingen blei fysisk skadde, og 23-åringen er no tilbake på sikringsposten på Hjelset. 80 år gamle Ottar Brattbakk har sjølv arbeidd med psykisk sjuke, men seier han aldri før har opplevd noko så skremande.