NRK Meny
Normal

Vikhagen Gjeitnes millimeter frå andreplass, men slo Johaug

Kari Vikhagen Gjeitnes frå Molde blei nummer tre i sesongopninga på Beitostølen. Ho blei slått på målfoto av franske Aurore Jean.

Gjeitnes slått på fotofinish

Her blir Kari Vikhagen Gjeitnes (lengst frå kamera) slått med nokre millimeter av franske Aurore Jean. Samstundes er ho klart framfor Therese Johaug.

Foto: nett-TV / NRK

Kari Vikhagen Geitnes er klar for verdenscup

Kari Vikhagen Gjeitnes blei juniorverdsmeister i sprint i 2005. I 2008 tok ho NM-sølv i klassisk sprint.

Foto: Lovric, Primoz / SCANPIX

Maiken Caspersen Falla vann rennet, 3,4 sekund framfor Vikhagen Gjeitnes og franske Jean.

Inne på oppløpssida kjempa dei to side og side med Therese Johaug, før Molde-jenta blei klokka inn til same tid som Aurore Jean.

Etter ein del venting blei Vikhagen Gjeitnes dømt bak, men som ein ser på målfotoet øvst, så var det svært så nær andreplass.

Renna på Beitostølen er sesongopninga for både kvinner og menn, og årets sprint er den første av mange.