Gjeitnes før VM-debuten: – Prøver å ikkje legge for stor press på meg sjølv

Kari Vikhagen Gjeitnes gler seg til VM-debuten i Falun denne veka. Siste helg vann ho duellen med Heidi Weng og sikra seg plass i den norske troppen.

Gjeitnes

Kari Vikhagen Gjeitnes er debutant i VM. Her frå Östersund sist helg.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Eg syns sjølv eg har fortent plassen, seier Gjeitnes til NRK under laget sitt møte med pressa i Falun.

– Eg gjekk eit veldig godt løp i Östersund sist helg, og då var det ingen tvil om kven som skulle gå etter uttaket, seier ho.

Førebur seg mentalt

Før VM har Gjeitnes fokusert på at presset ikkje skal bli for stort.

– Eg prøver å tenkje at det er eit vanleg skirenn. Dei er jo meir rutinerte dei som sit her rundt meg.

– Kva forventningar har du sjølv som debutant i VM?

– Eg prøver å ikkje legge så stort press på meg sjølv. Spenninga er stor nok likevel, så eg er mest opptatt av å gle meg. Eg trur det blir kjempeartig.

Gjeitnes går sprinten i Falun torsdag frå klokka 13.

Slik bli ski-VM på NRK