Hopp til innhold

Gjedrem vann i motbakke

Det vart sunnmørsk gull i motbakke-NM i Geiranger.

Fra starten av NM i motbakkeløp. Hans Martin Gjedrem helt til venstre.

Frå starten av NM i motbakkeløp.

Foto: Knut Arild Maråk

Skiskyttaren Hans Martin Gjedrem knuste konkurrentane i halvmaratonløpet i Geiranger, og tok gull.

Valldals-løparen sette også ny løyperekord med tida 1 time, 28 minutt og 57 sekund.

Sjå bildegalleri til høgre.

Hans Martin Gjedrem

Gull og løyperekord til Hans Martin Gjedrem frå Valldal.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Plassane bak

Øyvind Heiberg Sundby frå IK Tjalve kom på andreplass, mens Svein Inge Buhaug frå SK Vidar var tredjemann i mål i motbakkeløpet.

Mennene sin distanse var på 21 kilometer. Kvinnene og juniorane sprang knappe fem. Der var det Caroline Bjerkeli Grøvdal som imponerte mest. Ho sprang på tida 22 minutt og 17 sekund.

Over 750 deltakarar er med på storarrangementet "Geiranger frå fjord til fjell". Det er NM i motbakkeløp, og uoffisielt NM i motbakkesykling.

I tillegg blir den tradisjonsrike Geirangermarsjen og Flydalsjuvet Miniton arrangert i turistbygda.

NM i motbakke i Geiranger 2009.

NM i motbakke i Geiranger 2009.

Foto: Espen Gjelsten / NRK