Gir ut bok om bunadsbroderia

Anne Kristin Moe ville finne ut av historia bak dei mange vakre mønstra som pregar norske bunadar.

Anne Kristin Moe

Anne Kristin Moe har grave i historia om broderia til dei norske bunadane. Boka er skriven i samarbeid med fotograf Laila Durán.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Det er dei broderte bunadane som er mest kjende og som dei fleste av oss brukar. Samstundes er det nok ganske få av oss som kjenner bakgrunnen til broderia. Kva dei byggjer på, kva tid dei vart designa og kven som laga dei, er spørsmål eg har prøvd å finne svar på, seier Anne Kristin Moe som er konservator ved Norsk Folkemuseum.

Stor variasjon

Bunader

Sunnmørsbunaden kjem i mange utgåver.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det finst over 500 ulike bunadar i Noreg, men ikkje alle vert omtala i boka til Moe.

– Denne boka er ikkje eit leksikon. Eg har valt ut 20 bunadar, men så er det ulike variantar av dei også.

Ein av dei 20 bunadane ho har teke føre seg, er den velkjende sunnmørsbunaden.

– Mange har nok ein idé om korleis bunaden ser ut, men det ein skal vere klar over er at det finst fleire typar sunnmørsbunader, seier ålesundaren.

Sunnmørsbunaden

Ifølgje konservatoren finst det per i dag åtte ulike variantar av sunnmørsbunaden som er i bruk.

– Av desse er ørskogbunaden mest kjend. Det kjem nok av at bunaden vart gjeve i gåve til prinsesse Märtha i 1929, og vert dermed også kalla «Märtha-bunaden».

Samstundes som Ørskogbunaden vert forma ut, vart det også laga bunader i Norddal, Skodje, Dalsfjord, Stranda, Vigra og Hjørundfjorden. Moe hevdar at ein ikkje treng å vere ein kjennar for å sjå forskjell på dei åtte variantane.

– Eg trur at om ein ser dei saman, så ser ein forskjellen i broderia. Vigrabunden og Dalsfjordbunaden, også kjend som Søre Sunnmøre-bunaden, skil seg ut fordi dei har eit damaskliv som er eit raudt og oransje liv som ikkje er brodert. Andre bygder igjen har teke utgangspunkt i lokale broderi, seier Moe.

Designarane

Forfattaren har vore spesielt oppteken av opphavet bak bunadane. Og dei er ikkje så gamle som mange skulle tru.

– Det har vore litt underkommunisert at mange av bunadane vart designa på 1900-talet. Då var det viktig å ha bunadar som var norske og som viste til norsk handverk og materiale, seier ho og forklarer at mykje av kleda som vart brukte før den tid var laga av importerte stoff.

Somme stader vart det nytta kjende kunstnarar som Alf Lundeby eller Halfdan Arneberg, medan andre stader igjen nytta lokale eldsjeler.

– På Sunnmøre var det til dømes ei som heitte Ragnhild Vogt Svendsen som på 1920-talet som forma ut den første Sunnmørsbunaden slik vi kjenner han i dag, fortel forfattaren.

  • Sjå TV-saka her:
    Ho er iført ei drakt som er valt med tanke på at boka ho var vore med og lage - om broderte bunadar - no er ferdig..

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.