Hopp til innhold

Gir seg som fylkesleiar i Senterpartiet

Ann-Kristin Sørvik tek ikkje attval som fylkesleiar i Senterpartiet i Møre og Romsdal.

Ann Kristin Sørvik

Ann-Kristin Sørvik har vore leiar i Senterpartiet i fylket i åtte år, men no er det slutt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Sørvik har vore fylkesleiar dei siste åtte åra, og var nestleiar i to år før det. No har ho gitt beskjed til valkomiteen om at ho ikkje stiller til attval.

– Eg har sete ti år i styret og synest eg har gjort ein grei innsats. Eg trur det berre er ein person til som har sete så lenge som meg som fylkesleiar, seier ho.

Nye krefter

Fylkesleiaren, som også er ordførar i Averøy kommune, meiner tida er inne for å sleppe andre krefter til.

– Å sitje som fylkesleiar har vore kjempeartig og veldig utfordrande. Eg unner andre å få den moglegheita, seier den avtroppande Sp-leiaren.

– Kven ser du på som ein naturleg arvtakar?

– Det er det valkomiteen som må sjå på. Eg veit at dei ikkje er ferdige enno. Eg har sagt mitt, så får vi sjå korleis det går, seier ho.

Ei isolert avgjersle

Det har storma mykje rundt leiinga i Senterpartiet den siste tida, men Sørvik hevdar at problema i partiet ikkje har noko med avgjersla hennar.

– Er du med i politikken, må du tole motgangen og medgangen. Så leiarstriden har ikkje noko med meg og mi avgjersle å gjere, seier ho.

Sørvik meiner nye kostar må til for å få Senterpartiet tilbake i posisjon. Partiet har sagt at mykje må byggjast opp att etter intern uro i partiet og dårlege meiningsmålingar.

– No har vi ei unik moglegheit sidan vi sit i opposisjon. Vi kan starte på nytt. Vi har ein viktig politikk, så vi må fokusere på politikken og ikkje på andre ting, avsluttar ho.