NRK Meny
Normal

–Det skal lite nedbør til før bevegelsane aukar

RAUMA/ÅLESUND (NRK) Politimeisteren på Nordmøre og i Romsdal forbyr no folk å opphalde seg under det rasutsette fjellet Mannen i Romsdal. Nye målingar i fjellet Mannen i Romsdalen i natt, viser at skredet kan kome snart.

Rasfare på Mannen

Ekspertane reknar med at raset frå fjellet Mannen kan kome i løpet av timar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er dei nye opplysningane om at fjellet Mannen har begynt å bevege meir på seg, som gjer at ekspertane no trur det venta skredet kan kome i løpet av dei neste 24 timane, dersom det vert mykje nedbør. I natt akselererte rørslene i delar av fjellet mellom tre og fem gongar meir enn det har gjort dei siste dagane. Hadde det kome meir regn, kunne skredet ha gått i løpet av dagen i dag. No har rørslene stabilisert seg litt og gitt folket i Rauma eit pusterom.

– Det skal lite nedbør til før bevegelsane aukar, understrekar sjefgeolog Lars Harald Blikra.

Sidan det er meldt mykje nedbør, blir ikkje geologen overraska om skredet går innan 1-2 døgn.

Opphaldsforbod

På grunn av den store skredfaren vert det forbode å opphalde seg i området sørvest for Rauma elv til fjellet Mannen.

– Underteikna har gitt ordre om oppholdsforbod nedanfor Mannen. Det gjeld frå i dag klokka 14 og inntil vidare, sa politimeister Arnstein Nilssen, då pressekonferansen starta på Rauma rådhus klokka 12 måndag med eit stort presseoppbod.

PK Rauma Mannen

Under pressekonferansen på Åndalsnes måndag klokka 12 kom det fram at politimeisteren gir opphaldsforbod under Mannen frå klokka 14.

Foto: Lena Høyberg / NRK
Evakuerte har fått beskjed

11 personar er evakuerte frå hus og hytter, etter at det siste veke blei klart at faren for at fjellet Mannen skal rase ut har auka. Måndag formiddag fekk dei evakuerte beskjed om det nye opphaldsforbodet.

–Dei evakuerte har fått beskjed, folk er borte frå området, så det er ingen fare for dei, seier ordførar Lars Olav Hustad.

Ny rørsle søndag kveld

Under pressekonferansen orienterte sjefgeolog Lars Harald Blikra om at dei søndag kveld fekk meldingar

PK Mannen Rauma

Det var stort presseoppbod, og stor interesse, under pressekonferansen på Åndalsnes måndag.

Foto: Lena Høyberg / NRK

om at rørslene i fjellet auka på etter regnet tidlegare på dagen.

– Vi begynte å sjå den auka bevegelsen i 22-tida søndag kveld. Vi reknar med at fjellpartiet er ganske svekka. Sannsynleg skal det ikkje veldig mykje nedbør til no, seier sjefgeolog Lars Harald Blikra.

Ventar meir nedbør

Måndag kveld er det venta meir nedbør, og meteorologane har sendt ut OBS-varsel. Det kan sette fart i eit eventuelt skred.

Rasfare fra Mannen

Denne grafiske modellen av fjellet Mannen viser kor stor del av fjellet som kjem til å rase ut i første omgang.

Foto: Marco Vaglieri

– Vi er inne i ein nokså stabil situasjon akkurat no, men dersom vêrmeldingane slår inn, vil det auke på utover kvelden, seier Blikra.

– Er du overraska over at det endra seg så fort?

– Ja, eg er overraska over at det skal så lite nedbør til. Det pushar på ovanfrå, det held på å bryte gjennom barrierane. Fjellet er ganske svakt, seier Blikra.

Han utelukkar likevel ikkje at nedbøren kan leggje seg som snø, og dermed stabilisere fjellet.

Vil kjenne risting ned til sentrum

Det har tidlegare vore snakka om at drønn og steinsprang vil varsle skredet i god tid. Blikra ser ikkje bort frå at det kan høyrast og kjennast på lang avstand når det først dundrar laust.

– Vi vil nok høyre det ganske langt unna, sikkert ned hit til sentrum, seier Blikra. Det vil seie rundt 15 kilometer.

Måndag formiddag hadde geologane og kommunen telefonmøte med fylkesmannen, vegvesenet og jernbaneverket for å oppdatere dei på situasjonen i Rauma. Kommunen held ny orientering om situasjonen klokka 15.30 i dag.

Se pressekonferansen fra Rauma Rådhus
Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.
Innsatsleiar Vebjørn Bale i politiet og Hallvard Østigård står ved foten av Mannen og venter på skredet.
Sjå videoopptak frå Mannen.