Hopp til innhold

Gir løyve til utviding

NVE gir løyve til opprusting og utviding av Vartdal kraftverk. Det har også blitt gitt tidsavgrensa løyve til Vartdal Vassverk til å nytte Nedre Svartevatn som naudvasskjelde i Ørsta kommune. Det skriv NVE i ei pressemelding. NVE skriv at dei har valt å sjå desse to sakene i samanheng fordi Vartdal Vassverk får mesteparten av vatnet sitt frå utløpet til Vartdal kraftverk. Dei meiner ei utbygging vil vere eit bidrag til ein fornybar og regulerbar energiproduksjon, med avgrensa verknader for vassdragsmiljøet.