Gir ikkje opp søk etter Maja

Politiet vil gjere ekstra søk nokre stader i fjellet for å finne polske Maja Herner, som blei meldt sakna i Ørsta i fjor. Det skriv smp.no. – Vi har ikkje planlagt konkrete leiteaksjonar akkurat no. Men vi jobbar med å planlegge neste steg, og det kan bli nye søk seinare i veka, seier Frode Halse Digernes i politiet til avisa.

Maja Herner
Foto: Politiet