SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Arve Tonning (Foto: NRK)
Aalesunds Turnforening har tidlegare trua med rettssak fordi dei hevdar at kommunen ikkje har tatt ansvar for vedlikehaldet av bygningen.
I eit brev slår kommunen fast at dei har ansvar for utvendig vedlikehald, og ordførar Arve Tonning seier at reparasjonane startar omgåande.
Tok advokat
Spreke ålesundarar har måtta turne i ein stadig meir nedsliten turnhall på Klipra. For snart 40 år sidan tok Aalesunds Turnforening over hallen, mot at kommunen tok ansvaret for det utvendige vedlikehaldet, men styret i turnforeninga meiner kommunen har gjort alt for lite.
Tidlegare i vinter tok dei advokat, sette opp ei liste med 31 punkt som burde gjerast noko med, og truga samstundes med rettssak.
I eit brev til turnforeninga skriv no ordførar Tonning at kommunen har ansvaret for det utvendige vedlikehaldet, og lovar å setje i gang arbeidet så snart snøen forsvinn.
Førebels fornøgd
Advokat Bjørn Kristian Hove, som representerer turnforeininga, seier at han førbels er fornøgd med svaret, men at dei kjem til å stå på at kommunen skal ta seg av alle dei 31 punkta som foreninga har lista opp.
Ordføraren seier det kan bli vanskeleg med det første og at kommunen no først og fremst vil gjere det som er nødvendig for å få eit funksjonellt hus.
– Det estetiske må vi kome tilbake til eventuelt neste år, seier ordførar Arve Tonning