– Det verste er at dei setter seg sjølv og andre i fare, seier Steinar Vestnes, byggeleiar i Statens vegvesen.
Dragsundbrua i Herøy er så smal at den blir stengt når brøytebilen skal køyre over for å unngå møteulukker. Brøytebilsjåføren slår sjølv på skiltet som viser at strekninga er stengt når han nærmar seg brua.
Skapar farlege situasjonar
Problemet er at mange av bilistane ignorer skiltinga og køyrer over brua til trass for at den er stengt. Statens vegvesen meiner situasjonen er problematisk, og Vestnes fryktar at det i verste fall kan skje alvorlege trafikkulukker.
– Plogen på brøytebilen er såpass brei at den kjem over i den motgåande køyrebana. Det kan føre til store skader dersom det skjer ei møteulukke.
Vestnes er meir uroa for at stadig fleire bilistar bryt skiltinga, spesielt i dei tilfella der farta er høg.
– Dess fortare bilistane køyrer dess verre kan utfallet bli, held han fram.
- Les også:
Urovekkande utvikling
Vestnes har forståing for at nokre blir freista til å ta ein sjanse når dei har dårleg tid, men meiner likevel at det ikkje er ein god nok grunn til å ignorere skiltinga.
– Vi har i utgangspunktet ingen planar om å setje i verk fleire tiltak for å stoppe bilistane, men vi håpar at vi slepp å oppleve ei alvorleg ulukke før folk byrjar å respektere skiltet, seier han.
– Det blei vedtatt ei regulering på brua for å gjere strekninga meir trygg. Når bilistane bryt vedtaket forsvinn hensikta, held han fram.