Europaveg 39 langs Kilsfjorden i Volda er skilta med 50-sone ved Straumshamn. Men mange bilistar køyrer mykje fortare. I kontroll etter kontroll er det skrive ut ei rekkje førelegg - eller førarkort er blitt beslaglagde.
Natt til laurdag hadde utrykkingspolitiet kontroll igjen. Fire bilførar mista førarkortet, og høgste farta blei målt til 94 kilometer i timen i 50-sona.
Distriktsleiar Jan Halkjelsvik i Utrykkingspolitiet seier at dei kjem til å vere spesielt merksame på trafikken på denne strekninga i tida framover.