Hopp til innhold

Gigantkontrakt til Vard

Skipsbyggjarkonsernet Vard Søviknes i Haram har fått i hamn den største kontrakten i selskapet si historie.

Vard

Vard-gruppa står for design og bygging av fire røyrleggingsskip som skal til Brasil i løpet av 2016 og 2017.

Foto: Vard Group AS

Vard (tidlegare STX OSV) skal stå for design og konstruksjon av fire røyrleggingsfartøy (PLSV) til ein kontraktsverdi på 6,6 milliardar kroner.

Det er dei norske reiarlaga DOF Subsea og Technip som har lagt inn bestillingar på heile fire skip.

Skroga vil bli bygde på Vard Tulcea i Romania og utrusta på Vard Søviknes.

– Milepælsprosjekt

Roy Reite

Konsernsjef i Vard, Roy Reite.

Foto: John Petter Reinertsen / STX

To av dei skal ferdigstillast ved Søviknes-verftet i Haram, medan dei andre to skal byggast i Brasil. Dei Haram-bygde farkostane vil vere av designa Vard 3 05 og skal stå ferdige i andre og tredje kvartal av 2016.

Dei to andre skal ha Vard 3 16-design og vert levert frå Vard Promar i fjerde kvartal i 2016 og andre kvartal i 2017. Begge skipsmodellane er teikna ved Vard sitt designkontor i Ålesund.

– Eg ser fram til å jobbe med DOF og Technip på desse milepælsprosjekta. AT Vard både i Europa og Brasil har blitt valde til å bygge desse farkostane viser vdeirten av å ha eit globalt nærvær når ein jobbar med internasjonale klientar, og ta leiande teknologi til nye marknader, seier konserndirektør Roy Reite.

Brasiliansk bestilling

Oppdraget er også den største nokosinne for DOF Subsea. Ifølgje Bergens Tidende har den nye kontrakten har ein fast avtaleperiode på åtte år og kan forlengjast i ytterlegare åtte år. Den samla kontraktverdien for delen til DOF Subsea er på om lag 10 milliardar kroner. Det er brasilianske Petróleo Brasileiro S.A. (Petrobas) som har bestilt fartøya. Til avisa seier Marianne Møgster, senior visepresident i DOF Subsea, at dei har jobba med kontraktane i nesten to år:

– Det at vi vinn slike kontraktar saman med samarbeidspartnaren vår Technip, er ei stadfesting på at vi har lukkast med satsinga vår i Brasil, seier ho.

Technip skal stå for røyrinstalleringa medan DOF vil vere ansvarleg for marine operasjonar.