Hopp til innhold

Gigantisk kontrakt for Rolls-Royce

Rolls-Royce har inngått ein kontrakt med det brasilianske oljeselskapet Petrobras til ein verdi i overkant av éin milliard kroner.

Espadon

Drillskipa i kontrakten vil vere av same typen som dette fartøyet, som har namnet «Espadron».

Foto: pressefoto

– Etter å ha jobba i over eitt år med dette prosjektet er vi svært glade for å endeleg kunne signere denne kontrakten med Atlantico Sul.

Det seier Helge Gjerde, Senior vice President Offshore for motorar og framdrift i Rolls-Royce, i ei pressmelding.

Atlantico Sul er det brasilianske verftet som står bak den gigantiske ordren.

For Rolls-Royce har signert ein ordre på levering av framdriftssystem til sju drillskip for det statlege brasilianske oljeselskapet Petrobas.

Helge Gjerde

Helge Gjerde, Senior vice President Offshore for motorar og framdrift i Rolls-Royce.

Foto: Per Eide

Største enkeltordre

Verdien på kontrakten er altså i overkant av éin milliard kroner.

Rolls-Royce fortel at dette er den største enkeltordren for framdriftssystem signert av bedrifta noko sinne.

Dei sju drillskipa skal til saman utstyrast med 42 thrusterar og 42 dieselmotorar. Saman skaper komponentane framdrifta til drillskipa til og frå boreområda.

– Atlantico Sul er ein ny kunde for oss i ein krevjande marknad, noko som gjer det ekstra gledeleg å få ei slik stor kontrakt i hamn, kommenterer Gjerde.

– Stor verdi for oss

Drillskipa delane endar opp på skal i hovudsak støtte utvinning av olje frå brønnar lokalisert 2000–3000 meter under havoverflata, utanfor kysten av Brasil.

Otoniel Silva Reis, CEO i Atlantico Sul, omtalar Rolls-Royce i svært positive ordelag.

– Deira breie erfaring og ekspertise som leverandør av innovative og pålitelege framdriftssystem, har stor verdi for oss når vi no skal byggje desse avanserte drillskipa for Petrobas.

Rolls-Royce har levert meir enn 140 framdriftssystem for flytande boreinstallasjonar som støttar produksjonsaktiviteten på oljefelt verda over.

– Vi kan no slå fast at fotavtrykket vårt vert styrka i både Brasil og i drillskipmarknaden, avsluttar Gjerde i Rolls-Royce.

Prosjektgruppa bak avtalen er lokalisert i Ulsteinvik på Sunnmøre, medan delane skal produserast i Bergen og i Finland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL