Hopp til innhold

Våpenkappløp mot jordbærsoppen

Norske jordbær er avhengige av sterke sprøytemiddel for å unngå sopp og sjukdommar. No testar forskarar ut ei løysing som gjer at ein kan klare seg utan kjemiske plantevernmiddel.

Jordbær med gråskimmelsopp

Forskarar frå Norsk senter for økologisk landbruk vil få slutt på dette, utan bruk av kjemiske sprøytemiddel.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Spesielt soppen gråskimmel er eit stort problem i jordbærproduksjonen. Det er dette grå laget med mugg som dannar seg på bæra viss du sparar på dei litt for lenge.

For å få bukt med denne, blir det brukt store mengder plantevernmiddel. Soppen gjer seg nemleg resistent, og ein må heile tida sprøyte på nytt for å få den vekk.

– Det er ein vond sirkel. Eit slags våpenkappløp, seier forskar Atle Wibe, ved Norsk senter for økologisk landbruk.

Forskar i NORSØK, Atle Wibe

Atle Wibe i Norsøk er i Valldal for å teste ein ny måte å sprøyte jordbæråkrane på.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Har funne ei ny mogleg metode

Norsk senter for økologisk landbruk kan ha funne ut korleis ein kan unngå sopp og sjukdommar i jordbæråkrane, heilt utan plantevernmiddel.

Metoden dei vil gjere det på, etterlet seg berre heilt vanleg, alminneleg oksygen.

– Dette har vi trua på, seier Wibe.

Vil bruke ozonvatn

Den nye metoden for å bli kvitt sopp og sjukdommar på, er å sprøyte dei med vatn som inneheld gassen ozon.

Dyser som spreiar ozonvatn ut over jordbæråkeren i Valldal

Desse dysene spreiar ozonvatn ut over jordbæråkeren i Valldal.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ozon er eit sterkt oksiderande stoff. Men forskar ved Norsøk, Atle Wibe, seier det blir brote ned fort. Og det einaste som er igjen, er oksygen. Altså lufta vi pustar.

– Heilt suverent

Peter Arne Døving, jordbærbonde i Valldal

Jordbærbonde Peter Arne Døving har vel 60 dekar med jordbær, der han no testar ozonvatn mot sopp og sjukdomar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Jordbærbonde Peter Arne Døving har opna åkeren sin i Valldal for testing av ozonvatnet. Han seier sopp kan vere eit stort problem, og vil gjerne prøve nye metoder for å få fjerna den.

– Ja, vi må jo prøve å knerte denne gråskimmelen.

Vil vekk frå kjemiske middel

Ekspert på soppsjukdommar på bær, Arne Stensvand, kallar prosjektet veldig positivt.

– Ein vil jo vekk frå kjemiske plantevernmiddel. Så det er bra om dei har funne ein alternativ måte å kvitte seg med soppen på, seier forskaren ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Arne Stensvand, forskar og ekspert på soppsjukdommar på bær

Ekspert på soppsjukdommar på bær, Arne Stensvand, seier ein vil vekk frå bruken av kjemiske plantevernmiddel.

Foto: Erling Fløistad / NIBIO

Han legg også vekt på at Mattilsynet har god kontroll på kva slags kjemiske middel som blir brukte på bæra i dag.

– Det er ikkje farleg å ete bær som er sprøyta med plantevernmiddel.

Ingen prøver over grenseverdi

Mattilsynet lagar årleg ein rapport om plantevernmiddel, der dei mellom anna undersøker norsk jordbærproduksjon. I rapporten frå 2020 står det at ei av jordbærprøvene viste restar av åtte ulike stoff. Men ingen var over grenseverdi.

I rapporten frå 2019 var det to jordbærprøver, som begge hadde restar av sju ulike stoff. Heller ingen av desse var over grenseverdi.