NRK Meny
Normal

Graverte «Husk å ikke kløne det til» i forlovingsringane

Gifteringane til Rolf-Magne Asbjørnsen og Ingunn Thorarinsdóttir frå Ålesund har eit bodskap utanom det vanlege.

Rolf-Magne Asbjørnsen og Ingunn Thorarinsdóttir

Nyforelska og nygifte: Rolf-Magne Asbjørnsen og Ingunn Thorarinsdóttir gifta seg på Island denne helga.

Foto: Kristbjorg Photography

Nygifte

31. mai, 2014: Rolf-Magne og Ingunn kosar seg på flyet til Island. Førebels har dei ikkje gifteringar på.

Foto: Privat

– Eg var skeptisk til å gifte meg på ny, men sidan vi begge er godt vaksne lét vi det stå til likevel. Føresetnaden for giftarmålet var derfor at verken eg eller ho får lov til å kløne det til, fortel brudgom Rolf-Magne Asbjørnsen (50) til NRK.no.

Eit hjartans slagord

Denne helga gifta han seg med Ingunn Thorarinsdóttir (45) i romantiske omgjevnader på Island der ho kjem ifrå. Bryllaupet, som varte i tre dagar til ende, hadde ein raud tråd i slagordet «Hugs å ikkje kløne det til», noko dei begge var einige om på førehand.

– Vi har begge vore gifte før og veit kor vanskeleg det kan vere. Vi har kløna det til før, for å seie det slik. Dessutan har vi sett på mange av vennane våre korleis forhold går til grunne, forklarar brudgommen.

Rolf-Magne har fire barn frå før av, medan Ingunn har to.

– Dei var sjølvsagt litt skeptiske då vi fann saman og skulle gifte oss, men det går svært bra og dei støttar heilhjarta oppunder slagordet vårt, fortel han og legg til at to av døtrene deira også var brudepiker i bryllaupet.

Artikkelen held fram under bildet.

Gullringer

«Husk å ikke kløne det til» står det på ringane til Rolf-Magne Asbjørnsen og Ingunn Thorarinsdóttir som gifta seg denne helga.

Foto: Gullsmed Mjelva

Spesiallaga bryllaupseffektar

Lommetørkle

I bryllaupet fekk karane desse spesialbestilte lommetørkla med seg inn i kyrkja.

Foto: Privat
Husk å ikke kløne det til forlovelsesring

Sidan nokre av bryllaupsgjestane ikkje forstod norsk kom denne forklaringa godt med.

Foto: Privat

Det storslegne bryllaupet, som hadde både ein eigen vikingseremoni og kyrkjeseremoni, var det hovudsakleg Ingunn som hadde regien på. Alle dei mannlege gjestane i bryllaupet fekk delt ut kvar sitt lommetørkle med bodskapen, medan kvinnene fekk søte lommetørkle med hjarter og bryllaupsdatoen til paret.

– Det er kanskje litt diskriminerande, men ein veit jo av erfaring at det som oftast er karane som treng ei påminning, ler Ingunn.

For å vere heilt sikre på at bodskapen skulle nå inn til alle, fekk dei til og med produsert ei trespråkleg brosjyre der frasen står på norsk, islandsk og nokså direkte engelsk: «Don't fuck it up».

– Kva slags tilbakemeldingar fekk de frå gjestane?

– Dei flira alle som ein. Sjølv presten er ein liberal type og lo godt, seier det fornøgde paret som sjølvsagt også har fått bodskapen gravert på gifteringane sine – på utsida.

– Vi skal bli minna på det for kvar ein dag som går, og då gav det god meining å gravere på utsida, forklarar den nygifte bruda.

– Skal ikkje kløne det til igjen

Få dagar etter at dei er smidd i hymens lenker, føler dei seg begge trygge at dei har gjort det rette valet, både når det gjeld ektemake og ring-inngravering.

– Ringane er såpass tronge at det blir vanskeleg å få dei av. Dette giftarmålet det blir det siste. Vi skal få det til å fungere, seier Ingunn.

– Eg skal leve livet ut med Ingunn. Det har eg bestemt meg for. Eg skal IKKJE kløne det til, supplerer Rolf-Magne og oppmodar andre nygifte til å følgje same filosofi.

Prøvde å halde maska

Helge Mjelva

Gullsmed Helge Mjelva fekk oppdraget med å ordne ring til brudeparet.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Gullsmeden som fekk ringoppdraget har høyrt mange gode historier tidlegare, men aldri fått ei slik bestilling.

– Dei fleste vil gravere «Din» eller bryllaupsdatoen i ringen, men slik blei det ikkje denne gongen. Eg prøvde å halde maska så godt eg kunne då dei fortalde kva dei ville ha, seier Helge Mjelva som driv gullsmedhandel i Ålesund.

Då han sende bestillinga til produksjonen fekk han eit fornærma svar tilbake.

– Vi lagar jo ringar heile tida. Kva meiner du med at vi ikkje skal kløne det til?

Vel, det var ikkje heilt det gullsmed Mjelva meinte.