- Vegvesenet vel billige løysingar med gift og vitnar om lite langsiktig tenking, seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Her er det brukt Roundup i vegkanten. Foto: Øystein Folden, Naturvernforbundet.
Miljøskadeleg ?
Det er mellom anna brukt gift på fleire strekningar i Sunndal, Nesset og Tingvoll no i sommar. Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner sprøytinga er miljøskadeleg, og at graset burde vore fjerna med maskinar.
Lettvint ?
Det er vanskeleg å fjerne gras under rekkverka langs vegane. Sprøytemiddelet Roundup vert difor brukt somme tider, for å hindre at graset veks ut i vegen. Dette meiner Øystein Folden vert for lettvint.
- Det er iallefall skadeleg for miljøet. Dette stoffet blir funne igjen i grunnvatnet, seier Folden. Det er veldig farleg for organismar som lever i vatn, hevdar Folden.
Kontrakt
Arnfinn Løvik i Statens vegvesen vedgår at dei tillet bruk av dette sprøytemiddelet. - Det stemmer at det er brukt Roundup i Sunndalsområdet, etter ein kontrakt som gjeld heile landet. Entreprenøren som vi leiger har brukt Roundup under rekkverk, seier Løvik.
- Vi har inngått ein kontrakt med eit firma, der det framgår at dei har lov til å bruke Roundup. Då er det litt vanskeleg å gå bort frå den avtalen, seier Løvik til NRK Møre og Romsdal.