Normal

Her sjekkar geologane Mannen

Rørslene i fjellet Mannen held fram i same fart som før, og i dag var det synfaring.

Rørslene i fjellet Mannen held fram i same fart som før, og i dag var geologar på synfaring i helikopter.

I dag var det gode forhold for geologane som skulle sjå om sprekkene har blitt større.

Det er ikkje fritt for at geologane som i dag skulle sjekke det rasutsette partiet på fjellet Mannen i Rauma var spente. Dette er eit av dei mest overvaka fjellpartia i landet og målingar viser at rørslene har dobla seg dei siste vekene. Det betyr at eit steinsprang på 40 000 kubikk kan rase ut frå fjellsida om kort tid.

– Lyset er bra og vi ser veldig godt rørslene, seier geolog Lene Kristensen. Ho jobbar ved Åknes Tafjord Beredskap.

Det er ikkje mange dagane sidan dei var på førre synfaring med helikopter, men då var det ikkje optimale forhold. I dag fekk geologane stadfesta det dei tidlegare har observert på radar. Radarmålingar viser at fjellet har bevegd seg ca. 15 mm dei siste 4 døgna.

Vil ikkje treffe hus

Det rasutsette partiet ligg rett under ein snøbre og strekkjer seg ca. 100 meter nedover i ei breidde på 40 meter. Dei lause steinblokkene ligg på ca. 1000 meters høgde, og vil følge ura nedover utan å treffe hus, veg eller jernbane før dei stansar.

Lene Kristensen og dei andre geologane har gått ut av helikopteret for å ta steinmassen nærare i augesyn. Ho ser at steinen er oppknust og nedover fjellsida ser ho indikasjon på fleire sprekker.

LES OGSÅ:

Ikkje alt rasar ut


Det komande raset ligg i utkanten av fjellet Mannen som har vore overvaka i fleire år på grunn av rørsler i eitt større område.

Synfaringa i dag styrka teorien om at dette området ikkje blir råka når det mindre raset går.

Det er ingen som veit akkurat kor tid raset vil gå. Det kan ta fleire veker eller månader.