Hopp til innhold

Geologane forseinka

Geologar som skal skal vurdere rasfaren på Oppdølsstranda i Sunndal er forseinka.

Steinras Sunndal
Foto: Kåre Frøseth

Først klokka 10 kom geologane seg avgarde med helikopter.

I går kveld blei to bilar trefte av ras, og ein person blei sendt til St.Olavs hospital i natt med alvorlege skadar.

Helikopter

Geologane må ta i bruk helikopter når dei skal vurdere rasfaren. Bakgrunnen for dette er at det ikkje er klart om det framleis er umiddelbar fare for nye ras. Raset har gått i eit svært bratt og høgt fjell.

Rasfarleg

Området raset har gått i er kjendt for å vere rasfarleg. - Vi veit at det går ras i dette området frå tid til anna, seier distriktsvegsjef for Nordmøre og Romsdal, Jan Arild Johansen til NRK. Det som var spesielt denne gongen var at raset gjekk gjekk i fint ver. Vanlegvis går ras i området under kraftig nedbør, ved frost og ved tining, seier han.

Spent

- Vi er sjølvsagt svært spent på kva geologane skal kome fram til, seier ordførar i Sunndal Tove-Lise Torve. Det vil vere ein tett dialog mellom vegvesenet og kriseleiinga når det skal avgjerast når vegen skal opnast, seier ho. Ho seier at mange framleis kjem til å vere redde for å køyre denne strekninga. - Det er mange rasfarlege område på strekninga. Det einaste som vil føre til skikkeleg rassikring er ein tunnel seier ho.