Hopp til innhold

Generelt bålforbod

110-sentralen minner om det generelle forbodet mot open eld i sommar-Noreg. I perioden 15.april til 15.september er det i utgangspunktet ikkje lov til å tenne opp bål, grill og eingongsgrill i og nær skog og anna utmark, heiter det i meldinga. Sjølv om det har kome litt regn dei siste dagane er det framleis svært tørt. I Aure har det vore to brannar i terrenget i dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL