Generalprøve på bortebane
Sterk kulde gjer at Kristiansund må til Molde for å spele mot Ranheim i den siste testkampen før seriestart. Arbeidet med å tine telen på Kristiansund stadion går saktare enn KBK hadde håpt. Klubben satsar likevel på å få bakken mjuk nok til seriestart mot Vålerenga 12. mars.