Vera sine geiter skal gi krattfritt skiterreng

RAUMA (NRK): Krattskogen kan føre til bråstopp for skifolk i fin flyt ned frå ein snødekt fjelltopp. Reiselivsselskapet Visit Nordvest tar no i bruk eit godt gammaldags våpen i kampen mot krattet.

Vera Simonsson

UTE: Geitene til Vera Simonsson går ute heile året – til sommaren er dei klare til beiteoppdrag i skiterreng.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Kome da, Brutus!

Geitebonden Vera Simonsson er ute på tunet på småbruket i Rauma for å sjå til geiteflokken. Ho og ektemannen starta først med sau då dei flytta hit, men då dei fekk høyre om den nye teknologien Nofence, gjekk dei over til geiter.

– Vi hadde veldig lyst å bli pilot for firmaet som utvikla den digitale klaven. Den gjer at geitene kan gå fritt rundt utan fysisk gjerde. Dei går innanfor ei digital grense – styrt av ein app, fortel Vera.

Skientusiast

Og slik blei det. Småbrukarane skifta frå sau til geit, og testa ut klaven. No jobbar mannen til Vera for selskapet Nofence.

Vera Simonsson

KLAR: Vera Simonsson og geitene er klare til innsats mot krattet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei har fått godkjent teknologien, og Vera meiner dette opnar for å rydde gammalt beiteterreng som før har vore uråd å gjerde inn. Det neste prosjektet er altså skiterreng.

– Eg elskar å stå på ski sjølv, og den krattskogen er noko herk, så eg håper verkeleg at dette vil fungere. Vi har hatt vellykka beiteprosjekt før, til dømes rundt kraftlinjene til Statnett, seier ho.

Geitebonden har no beitekraft som primæroppgåve for geitene sine. Kjøtet av geitene dei eventuelt slaktar, blir berre eit biprodukt.

Krattskog i skiterreng

GROR: Krattskogen kan vere svært vanskeleg å kome igjennom etter ein topptur på ski.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Tryggare terreng

Bjørn Kruse

TRYGT: Tindevegledar Bjørn Kruse ved Romsdal Lodge er opptatt av at skogskøyring kan vere eit trygt alternativ til topptur når skredfaren er høg.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I nabobygda Isfjorden har tindevegledar Bjørn Kruse vore med på å rydde skog frå innfarten til det mest populære toppturterrenget med motorsag. Han håper at geitene no kan ta jobben med å halde krattet unna.

– Det er viktig for oss å tilby trygg og god skikøyring også når det er ruskevêr og høg skredfare på fjellet. Då er krattfri skog heilt perfekt, seier han.

Asbjørn Eggebø Næss

KRATTKRIG: Visit Nordvest og prosjektleiar Asbjørn Eggebø Næss brukar geiter som våpen i krigen mot krattet i skiterreng.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det er reiselivsselskapet Visit Nordvest som har starta prosjektet med beite i skiterreng. Dei arbeider no med å få på plass avtalar med fleire grunneigarar. Samtidig frir dei til toppturfolket, og ber dei om å sponse ei geit.

– Det er utruleg mykje fint skiterreng nedanfor skoggrensa over heile landet. Får vi vekk krattet, gir det enda betre skikøyring, seier prosjektleiar og skikøyrar Asbjørn Eggebø Næss.

Geiter skal gi krattfri nedfart frå topptur på ski.

Geiter skal gi krattfri nedfart frå topptur på ski. FOTO: Olaug Bjørneset/NRK.