Hopp til innhold

Geiter kan redde oss frå straumbrot i framtida

I eit nytt prøveprosjekt testar Statnett no om dei kan bruke geiter for å beite ned områda under kraftlinjer.

Geiter Nofence

I Gjemnes testar dei no ut geiter for å beite ned vegetasjonen rundt kraftlinjene.

Foto: Roar Halten / NRK

Geitene til Magnus Gabrielsen har fått arbeidskontraktar av det uvanlege slaget. Arbeidsgivar er Statnett og oppdraget er å beite skog og kratt som veks under kraftlinjene.

– Vi ser eit stort potensial med å bruke geiter, seier Martha Hagerup Nilson, kommunikasjonssjef Statnett.

Skal hindre straumbrot

Tre som fell over kraftlinjene er ei av hovudårsakene til langvarige straumbrot i Noreg. Difor er skogrydding i og rundt kraftlinjene avgjerande for å sikre ei trygg straumforsyning. Alt som kan vekse høgt nok til at det kjem bort i leidningane må difor vekk.

Martha Hagerup Nilson

Martha Hagerup Nilson, kommunikasjonssjef Statnett, trur prosjektet har stort potensial.

Foto: Roar Halten / NRK

Vanlegvis blir skog og kratt rydda med motorsag og muskelkraft. I Batnfjorden i Gjemnes på Nordmøre er det no ein flokk med geiter som tek seg av deler av denne jobben. Statnett ønsker å nemleg finne ut kva slags effekt beiting har på veksten av busker og kratt i område der det er kraftlinjer.

Fordelen med å ha geiter på beite er at det mellom anna tek livet av krattet, i motsetning til kva som skjer når dette blir saga ned.

– Når geitene beiter så dør dei buskene som vi helst ikkje vil skal vekse opp igjen. I tillegg er dei flinke klatrarar og kjem seg lett opp i ulendt terreng, noko vi har mykje av her i Noreg, seier Hagerup Nilson.

Usynleg gjerde

Prosjektet er eit samarbeid mellom Statnett og firmaet Nofence. Dei undersøker no om det kan vere ei god løysing å bruke geiter til å rydde krafttraséane fleire stader.

– Prosjektet skal gå ut 2020. Vi må først sjå om geitene beiter ned dei rette buskene og kor lang tid det tek før det veks opp igjen. I tillegg skal geitene ha det bra medan dei er på jobb for oss, så det er ein viktig del av prøveprosjektet, seier Nilson.

Magnus Gabrielsen

Geitebonde og produktutviklar i Nofence, Magnus Gabrielsen, har stor tru på prosjektet.

Foto: Roar Halten / NRK

Bedrifta Nofence i Gjemnes står for teknologien som gjer dette mogleg. Rundt halsen på geitene heng ein GPS. Denne er utvikla slik at den gir frå seg ein lyd dersom geitene har vandra for langt. Om geitene ikkje stoppar opp, får dei eit lite straumstøyt. Dette er svakare enn det dyra får frå eit straumgjerde.

Geitebonde Magnus Gabrielsen er også produktutviklar i Nofence. Det er han som no leiger ut geitene sine til Statnett. Også han ser fordelane med eit slikt prosjekt.

– Her starta vi nede med vegen, og så har vi endra beitegrensa gradvis og utvida traséen. Ein kan flytte det usynleg gjerdet etter kvart og tilpasse det, seier Gabrielsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL