Hopp til innhold

Geiter fjernstyrt frå verdsrommet

– Med lyd, elektrisk støyt og GPS skal signaler frå verdsrommet sørgje for at geitene held seg inne på sitt beiteområde.

Video HALSBÅND-200910-MR_MR.mp4

Oscar Hovde Berntsen er oppfinnaren bak geiteklaven kalla ”NoFence”. Halsbandet har GPS-mottakar, og når geitene er i ferd med å krysse grensene for området dei skal beite i, byrjar halsbandet å sende ut ein høgfrekvent lyd.

Etter lyden kjem eit lite elektrisk støyt frå halsbandet. Etter «klok av skade»-prinsippet skal geita lære at lyden betyr at ho snart vil få støyt, slik at ho snur når ho høyrer lyden. Dermed kan halsbandet erstatte dagens elektriske gjerder.

Firbeint testpanel

I dag vart oppfinninga testa saman med forskarar frå Bioforsk i Tingvoll. Testpanelet av geiter vart utstyrt med pulsklokke, som overvaka stressnivået for dei firbeinte. Det elektriske sjokket var likevel ikkje verre enn at oppfinnaren sjølv demonstrerte korleis halsbandet fungerte.

– Dersom det fungerer på geit så trur eg fleire kjem til å satse på geit enn på sau, seier ingeniør Berntsen.

Et mot attgroing

Då kan geitene beite på nye områder, som i dag berre gror igjen og blir til eit problem. Berntsen ser for seg at geitene kan leigast ut som eit effektivt middel mot attgroing.

– Bønder må kunne tene pengar på det og med utleige av dyra. Då er det nærliggande å tenkje på kraftliner som eit døme.

Idealistiske geiter

No er oppfinnaren på utkik etter idealistiske investorar med feit lommebok.

– Investorane kan ikkje berre vere interessert i å tene pengar. Dei må sjå samfunnsnytten av det og sjå bøndene sin side av det heile.

Dersom alt går etter planen vil halsbandet vere i sal innan 2012.