Hopp til innhold

Kven er best: Geitbåten eller møringsbåten?

I lang tid har tilhengarane av to ulike tradisjonsbåtar krangla om kva for ein som er best. No får dei eksperthjelp frå NTNU i Trondheim.

Ein krangel mellom tilhengarane av to tradisjonsbåtar kan det snart bli slutt på. Tysdag starta testinga av Geitbåten frå Nordmøre og Møringsbåten frå Sunnmøre. Dei vitskaplege testane blir utførte i den store skipstanken på Tyholt i Trondheim.

Sjå TV-reportasjen her!

I ein diger tank i Trondheim skal Marintek denne veka undersøkje eigenskapane til den tradisjonelle Geitbåten frå Nordmøre og møringsbåten frå Sunnmøre. Geitbåten stammar frå 1500-talet, medan Møringsbåten vart oppfunnen i 1870.

Fart og sjødyktigheit

båttesting

Datamateriale frå testane vert studert grundig. Professor Sverre Steen til høgre.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

I sju knops fart ber det framover i det 200 meter store bassenget, medan sensorar testar krengningsproblematikk og andre maritime eigenskapar.

– Tanken er å undersøkje om eigenskapane til geitbåten, som er den gamle båttypen, er så mykje betre enn den gamle møringsbåten, som geitbåt-tilhengarane hevdar, seier professor Sverre Steen ved NTNU i Trondheim.

Gjennom ei rekkje undersøkingar skal modellar av dei to båttypane bli testa for blant anna fart og sjødyktigheit.

– Dersom det skulle vise seg at geitbåten ikkje er noko vesentleg betre, så vil det vere skuffande for dei som brukar tid på å fremje teknologien og den kompliserte byggemåten, seier han til NRK.

Sterke kjensler

Bjørnstjerne Bjørnson i geitbåt i Eresfjorden

Bjørnstjerne Bjørnson er blant dei som har teke ein tur i geitbåt. Her frå Eresfjorden i Romsdal.

Båtane vert testa i laboratorium, og derfor kan ikkje faktorar som vind og bølgehøgde spele inn på resultatet.

– Dette blir svært konkret, så etter dette skal eg avgjere om eg skal kjøpe meg ein geitbåt eller ein meir moderne møringsbåt, seier professoren blidt.

Til trass for store utviklingar innan båtbygging, peikar Jon Bojer Godal frå Geitbåtmuseet på dei sterke kjenslene mange har ikring dei tradisjonsrike båtane.

– Noreg betyr vegen mot nord, altså skipsleia. Båten er dermed ein sterk del av vår identitet, seier han.

Til hausten

Sverre Steen

Jon Bojer Godal frå Geitbåtmuseet gler seg til å få samanlikna Geitbåten med Møringsbåten ein gong for alle.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Trebåt-nestoren er ikkje redd for at testen skal skape konflikt mellom sunnmøringar og nordmøringar når resultatet vert klart.

– Begge er gode robåtar, men dei er ulike i måten dei er konstruerte på. Med denne testen kan ein få fram dei ulike kvalitetane til båtane, trur han.

Testinga av dei to båttypane vil strekkje seg over éi veke, men det er først på råseglseminaret i Valsøyfjord til hausten at resultatet vert klart.

Først då får tilhengarane kven som har gått av med sigeren: Geitbåten til nordmøringane eller Møringsbåten til sunnmøringane.