NRK Meny
Normal

Geirangerfjellet blir stengt til onsdag

Vegstrekninga mellom Geiranger og Langvatn blir stengt til onsdag, det opplyser Statens vegvesen.

Snøras i Geirangerfjellet

Dette biletet vart tatt laurdag klokka 13:00 då vegen vart opna i nokre timar. Vegen har no vore stengt sidan laurdag og vegvesenet vil gjere ei ny vurdering tysdag klokka 11:00.

Foto: Statens vegvesen

– Det er framleis stor rasfare og utfordrande vêrforhold på strekninga, fortel Erna Varhaugvik i Statens vegvesen.

Vegvesenet vurderte forholda på strekninga i 09-tida tysdag og bestemte då at vegen blir stengt til onsdag.

– Det er rett og slett for utrygt. Det er snø i fjellet og bilistane har sommardekk. I går gjekk det fire ras i området, men ingen blei heldigvis råka, seier Varhaugvik.

Vegvesenet vil gjere ei ny vurdering onsdag klokka 10:00.

Stengt sidan laurdag

Vegstrekninga på fv. 63 Geirangerfjellet mellom Geiranger og Langvatn har vore stengt sidan laurdag på grunn av stor rasfare.

Det er store snømengder i Geirangerfjellet samanlikna med andre år, og det har kome mykje snø denne helga.

Les også: Vil vurdere opning i ettermiddag

Åtte ras på to dagar

Laurdag var vegen over Geirangerfjellet berre open i nokre få timar før Statens vegvesen måtte stenge strekninga på grunn av den overhengande rasfaren.

I løpet av ettermiddagen og kvelden laurdag gjekk det fire ras i området og det var difor uaktuelt å opne for kolonnekøyring. Turistbussar som skulle til Geiranger måtte i staden ta lange omvegar.

Søndag gjekk det ytterlegare fire nye ras på den same strekninga.

– Eit av søndagens ras gjekk i tillegg over vegen, fortel Varhaugvik.