NRK Meny
Normal

Nibbevegen måtte tole mykje sveitte og mjølkesyre under «Geiranger frå fjord til fjell»

Mange sveitte kroppar sprang, rulla og sykla seg i mål i Geiranger søndag. Langrennsjenta Martine Lorgen Øvrebust imponerte med siger i Nibberennet.

Mari Trønnes

Mari Trønnes har deltatt i mange år og vann sitt første Nibberittet i 2014 på tida 1.18.23.

Foto: Ketil Homme Linde
Matias Lied

Matias Lied frå Liabygda i Nibberennet Mini med mål på Flydalsjuvet. Han fullførte på tida 22.51.

Foto: Ketil Homme Linde
Kjell Harald Otterlei

Kjell Harald Otterlei i Kvanndalsbotn.

Foto: Ketil Homme Linde
Nibberittet

Eli Børde (901) og Camilla Klokk Dahl (893) ved Knuten.

Foto: Ketil Homme Linde

Under idrettsarrangementet «Geiranger frå fjord til fjell» var det heile 885 personar som fullførte ulike distansar innan springing, sykling og på rulleski. Nibbeløpet og Nibberittet trekk store folkemengder kvart år, men for første gong kunne skientusiastane delta med rulleski.

Med mektige fjell og flotte fjordar var det igjen duka for blod, sveitte og kanskje nokre tårer. Vêret var det heller ingenting å utsette på – det var vel kanskje hakket for varmt, meiner Martine Lorgen Øvrebust frå Stordal. Ho deltok i Nibberennet for første gong. Rulleskia gjekk fort, og ho tok sigeren med tida 02:01:41.

– Eg er veldig nøgd. Eg var usikker på forma til konkurrentane, men eg hadde eit mål om å klare løypa på to timar. Og det gjekk, seier Øvrebust, som fortel at dei siste fem kilometerane var knallharde.

Suveren langrennsløpar

Den spreke kvinna frå Stordal har lenge vore sterk i langrenn, og imponerer stadig med gode resultat. Ho syns det var kjekt å få konkurrere utanfor vintersesongen.

– Det var veldig artig å vere med i renn sjølv om det ikkje er vinter. Vi hadde strålande vêr ... men det blei kanskje litt for mykje av det gode. Det var veldig varmt, seier stordalingen.

Trude Dybendahl frå Kjelsås blei nummer to, og Kristina Marie Løvoll i Eidsdal IL tok tredjeplassen.

Ny løyperekord

Det vart òg ny løyperekord i herreklassa i Nibberittet. Bjørn Tore Hoem i Team Sparebanken Sør kom i mål etter berre ein time og 26 sekund i løypa.

Resultat

Nibberittet

1. Mari Trønnes, Ottadalen SK, 1:18:23.

2. Hanne Trønnes, Ottadalen SK, 1:24:18.

3. Hilde Hoff, Team Skigo /United Bakers, 1:31:09.

1. Bjørn Tore Hoem, Team Sparebanken sør, 1:00:26.

2. Åsmund Romstad Løvik, Motiv 3 Pro Cycling, 1:01:36.

3. Bo Andre Namtvedt, Boa Sykler, 1:07:50.

Nibbeløpet

1. Audhild Hestad, Gaular IL, 1:55:17.

2. Anna Ulstein, Gulda, l 2:13:43.

3. Maria Bilstad, Trondheim Triatlonklubb, 2:14:04.

1. Tesfayohannes Mesfun, Bodø FIK, 1:30:18.

2. Harald Aas, Ulan Bator BB, 1:41:21.

3. Karl Rönnby, Enhörna, 1:47:23.

Nibberennet

1. Martine Lorgen Øvrebust, Stordal IL, 2:01:41.

2. Trude Dybendahl, Kjelsås, 2:06:33.

3. Kristina Marie Løvoll, Eidsdal IL, 2:45:02.

1. Morten Eide Pedersen, Team COOP, 1:27:29.

2. Rune Malo Ødegård, Molde og Omegn IF, 1:31:02.

3. Geir Strandbakke, Team Sport 1, 1:39:43.

Nibbedobbelen

1. Hilde Hoff, Team Skigo/United Bakeries, 03:53:30.

2. Vibeke Brandvold, Norconsult BIL/Nordstrand, IF 4:09:40.

3. Camilla Savland, Førde CK, 4:26:02.

1. Harald Aas, Ulan Bator BB, 2:55:50.

2. Jo Nordskar, Team Oslo Sportslager/YT, 3:10:45.

3. Rune André Bjørnerud, Trondheim, 3:23:44.