Hopp til innhold

Geiranger får ferje heile året

Geiranger får frå 1. januar ferje heile året på strekninga Geiranger-Hellesylt. Håpet er at det nye tilbodet skal auke bulysta og gjere det mogleg å satse på vinterturisme. Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune. – Heilårsferje er først og fremst verdifullt for dei fastbuande, som bur og jobbar i bygda og må ha den daglege tryggleiken, seier prosjektleiar Nils-Andreas Ramsli. Ei av målsettingane med omstillingsprosjektet han leiar, er å også legge til rette for ein heilårsturisme.

Bilferja «Aukra» med plass til 35 personbileiningar, skal trafikkere strekninga i vinter og fram til turistferja tar over i april. «Aukra» skal ha to faste turar dagleg mellom Hellesylt og Geiranger; morgon og ettermiddag. I tillegg vil ho på signal gå ein tur midt på dagen.

Ferje i Geiranger
Foto: NRK