Hopp til innhold

Geir Bakke blir med vidare i KBK

Kristiansund-trenar Geir Bakke har skrive under ny kontrakt med den nyopprykka klubben. Det skriv Tidens Krav.

Geir Bakke

Her er Geir Bakke då Kristiansund BK sikra opprykk til 1. divisjon 16. september i år. No har han forlenga til ut 2016 med klubben.

Foto: Roar Halten / NRK

Det er ikkje lenge sidan Kristiansund Ballklubb blei klare for 1. divisjon, etter 3-0-siger over Skeid på heimebana «Idrett».

Ein stor del av grunnen til opprykket er trenar Geir Bakke.

Han kom frå jobben som hjelpetrenar i Stabæk til Kristiansund før årets sesong. Heile fem serierunder før slutt sikra Bakke det etterlengta opprykket til 1. divisjon.

– Ja, vi er einige

Opprinnleg hadde Bakke kontrakt ut 2013. Suksesstrenaren har derimot vore ønskja av Brann, som i går tapte 3-1 på Høddvoll mot Hødd i NM-semifinalen.

Tippeliga-klubben ville ha Bakke som assistenttrenar under trenar Rune Skarsfjord. Bakke skal ha fått tilbod frå Bergens-klubben.

– Eg har meddelt Brann at eg blir verande her i Kristiansund, seier Kristiansund-trenaren til Tidens Krav.

For Bakke er lysten på meir suksess med Kristiansund.

– Ja, vi er eininge om ei kontrakt som går ut sesongen 2016, seier 43-åringen.

Neste år coachar han altså Kristiansund i Adeccoligaen. I haust skal han avslutte i 2. divisjon med stil.