Gdansk-fly omdirigert
Gdansk-flyet som skulle lande på Vigra klokka 16.10 blei omdirigert til Bergen, melder Sunnmørsposten. Årsaka skal vere glatt rullebane. Ein passasjer opplyser til avisa at dei som var i flyet blir frakta til Sunnmøre med buss.