NRK Meny
Normal

Gir bort fødselsdagspengane sine

– Eg har så mykje frå før, seier Sigrid Haugen Ødegård (9) og gir bort pengane ho fekk i fødselsdagsgåve til tyfonoffera på Filippinene.

Sigrid Haugen Ødegård

Tyfonen som ramma Filippinene har gjort sterkt inntrykk på Sigrid Haugen Ødegård.

Foto: privat

– Det var ein storm på Filippinene og dei treng hjelp, fortel Sigrid Haugen Ødegård frå Tennfjord i Haram.

Onsdag fylte ho 9 år og øvst på ønskelista stod pengar, slik at ho kunne gi halvparten av potten til dei kriseramma på Filippinene.

– Det er synd i dei

Sigrid Haugen Ødegård

Gjestane i selskapet likte ideen til Sigrid og gav litt ekstra, slik at summen til Filippinene skulle bli større.

Foto: privat

Tre veker etter at tyfonen Haiyan ramma Filippinene er situasjonen framleis dramatisk for mange av dei som vart ramma.

Talet på døde etter tyfonen Haiyan har no stige til 5560, opplyser filippinske myndigheiter. I tillegg er 1757 mennesker sakna, medan 26.136 personar er skadde etter tyfonen.

9 år gamle Sigrid har lese om kva som har skjedd på Filippinene.

– Eg har lese i barneaviser at dei treng hjelp på Filippinene. Då syntest eg synd i dei.

Difor bestemte ho seg for å gjere noko heilt spesielt med pengane ho fekk i fødselsdagsgåve.

– Eg vil hjelpe dei med pengar slik at dei kan bygge seg hus.

– Dei måtte klamre seg fast på taket

Etter å ha fått pengar både i familieselskap og i barneselskap, har Sigrid no 2250 kroner å gi bort.

Valet fall på å gi pengane til organisasjonen Streetlife, for å hjelpe dei med å bygge opp igjen barneheimen sin i Tacloban.

Berre i Tacloban er 90 prosent av byen øydelagd.

– Det kom ein tyfon og folk måtte klatre opp på taket og klamre seg fast, fortel Sigrid.

– Ho har alltid vore omtenksam

Ideen om å gi vekk fødselsdagspengane sine fekk ho av ein venn ho har i Canada, som gav pengane ho fekk til sin fødselsdag til orgasnisasjonen WWF (Verdens Naturfond).

– Sigrid fann ut at ho ville gjere noko liknande og då vart det veldig aktuelt å sende pengane til Filippinene etter at dei vart ramma av tyfonen, fortel mor til Sigrid, Tonje Haugen Ødegård.

– Ho er veldig omtenksam av seg. Det har ho alltid vore, fortel den stolte mora.

Ho fekk ekstra mykje pengar i fødselsdagsgåve når folk visste at halvparten av pengane skulle gå til eit godt formål.

– Gjestane dobla summen, fortel Tonje Haugen Ødegård.

Og både ho og dottera Sigrid er glade for å kunne hjelpe til med pengane.

– Eg er veldig fornøgd, seier den gåvmilde 9-åringen.